Senterpartiet meiner at det må komme fram i dei økonomiske rapportane til Ulstein kommune at ein har innhenta tilbod frå fleire når summen på eit prosjekt overstig 100.000,-.

Men dette ville ikkje resten av formannskapet vere med på. Det meinte framlegget høyrdest ut som mistillit mot administrasjonen, som dei stoler på at held seg til lovar og reglar. Fleirtalet frykta av SP sitt framlegg vil føre til mykje ekstraarbeid for administrasjonen. Det siste argumentet kunne ikkje Anderson forstå. Når dei først har tala bør det vere ei smal sak å skrive dei også, meinte ho.

Ordførar Knut Erik Engh (Frp) sa at han vil ikkje kike administrasjonen i korta, ein kan heller ta opp og spørje om det er konkrete spørsmål.

Til det sa Anderson at det er vanskeleg å stille spørsmål og kontrollere at det går rett for seg om ein ikkje har innsyn i dette. Ho ønskjer ein transparent og open organisasjon.

Kommunedirektør Verner Larsen meinte at dette vedtaket ville påført dei betydeleg meir arbeid. Det er veldig mange summar over 100 000 kr i løpet av eit år, dessutan er dette med innkjøp sett ut til Ålesund. Ulstein kommune er med i interkommunale innkjøpsavtalar.

Men han lova å svare om det kjem spørsmål om enkeltsaker.

Framlegget frå Ulstein Senterparti fekk berre ei røyst, og vart såleis ikkje vedteke.