Det nye biblioteket på Hareid har blitt ein populær møteplass. Ikkje minst samlar dei yngre seg der etter skuletid, stundom i store flokkar.

– Dette syner at ungdommen i Hareid treng ein stad å vere. Før det nye biblioteket kom, vandra ungdom gatelangs eller oppheldt seg i venterommet ved hurtigbåtkaia. No samlast dei på biblioteket, fortel Gunn Berit Gjerde i KFUK-KFUM Hareid.

Saman med Halvard Grimstad frå KFUK-KFUM Hareid og Kirsten Valseth og Hanna Langnes Moldskred frå Diakoniutvalet i Hareid sokn, utgjer ho interimsstyret i eit samarbeidsprosjekt mellom desse to instansane. Målet er å skape uformelle samlingsstadar for ungdom i Hareid.

– Vi arrangerte ungdomskveld på kyrkjelydshuset som ein del av Allehelgens-helga i fjor. Det vart veldig vellukka og ein kjekk kveld med rundt hundre ungdomar innom. Slike uformelle samlingar kunne vi tenke oss å gjere fleire gongar, fortel Kirsten Valseth i Diakoniutvalet.

– Vi er to instansar som tenker likt når det gjeld å gi ungdommen ein stad å vere, så vi kopla oss saman. Dersom det er andre som også har tenkt på det same og har lyst til å vere med, så er det berre å ta kontakt, seier Gunn Breit Gjerde.

Dei ser for seg at det vert oppretta eit tilbod det ungdommen kan møtast på dagtid og at ein stundom også kan ha samlingar på kveldstid, a la ungdomskvelden i haust.

– Meininga er at dette skal vere ein uformell samlingsstad, der ungdom, uorganisert eller ikkje, kan møte kvarandre på tvers av fritidsaktivitetar og kanskje ha ein vaksen dei kan prate med om dei ønskjer det. Først og fremst skal det vere ein stad der dei berre kan vere, men der dei har ei trygg ramme rundt seg, seier Gjerde.

Det nye ungdomsrådet i Hareid har førebels ikkje fått konstituert seg, men så snart det er gjort vil dei bli tatt med på råd. Interimsstyret har også tatt kontakt med elevrådet ved ungdomsskulen.

Aktuelle samlingslokale kan til dømes vere på kyrkjelydshuset og i dei tidlegare biblioteklokala på rådhuset. Håpet er at dette tilbodet skal vere i sving allereie i løpet av våren.

– Vi vil gjerne at ungdomane i Hareid skal kjenne seg heime og velkomne i eiga kommune. Vi trur det er lurt å lage opne møteplassar for å inkludere og skape god kontakt mellom ulike vennemiljø. Gjennom dialog blir det skapt energi, kreativitet og idear, seier Gunn Berit Gjerde.