Frå hausten av skal Volda sjølve ta seg av norskopplæring for innvandrarar.

Under føremiddagssamlinga på Hareid råhus var programmet tett og godt. Både Hareid-ordførar Anders Riise, Karin Heggen (skulesjef i Volda), Arild Grimstad (einingsleiar for Ressurssenteret), André Eiksund frå mottaket i Volda og Mina Kvalen (ved seksjon for innvandring i Volda) hang seg på talarlista.

Med Gøril Daltveit på gitar og Roger Wagland på både keyboard og munnspel song alle dei over 100 frammøtte "Alle fugler små de er" og "Kjærlighetsvisa" (det er usikkert kor vidt Hareid-ordføraren hoppa over linja "og at vinden i fra høyre snart skal snu").

Ein lang biletserie frå det siste skuleåret vart vist på storskjerm. Lærar Sissel Seljebotn hadde "mekka saman" den flotte oppsummeringa.

Ikkje minst imponerande var felleskoret sin eigenkomponerte "Hareid-blues" med både song og dans.

Avslutningsvis song syskenparet Amin og Micheline "You are my all inn".