Henning Kvitnes held konsert på Sjørborg i kveld, torsdag. Foto: Pressefoto

Aina skal syngje låten “Sommarnatt i Bohuslän” saman med Kvitnes.

Litt nervøs

Aina fortel ho er litt nervøs for hennar spesielle høgdepunkt for kvelden.

– Eg er ikkje nervøs for å syngje for eit publikum, men heller litt nervøs sidan det er sjølve Henning Kvitnes eg skal syngje saman med. Men eg gler meg veldig, lovar Aina.

Aina syng i Leikong blandakor. Det var i samband med ei korframføring at merksemda fall på henne som aktuell medsyngjar saman med Henning Kvitnes.

– Eg mottok ein e-post der eg fekk spørsmål om eg ville syngje, og det takka eg sjølvsagt ja til. Det er jo ein unik sjanse i mi elles amatørmessige karriere, flirer ho.

E-posten kom frå kultursjef Leif Ringstad i Ulstein kommune. Ho likar og songvalet som altså er “Sommarnatt i Bohuslän”.

–?Det er jo ein nydeleg song. Eg gler meg veldig til å syngje den.

Aina Baade Hasund skal syngje “Sommarnatt i Bohuslän” saman med Henning Kvitnes på Sjøborg i dag, torsdag. Foto: Joar Drønnesund