Sol, sol, sol og litt meir sol. Det viser langtidsvarselet frå Yr.no. Januar vart aldri nokon skikkeleg vintermånad, og februar startar også nærast vårleg.

Vel skal det vere kjølig dei komande dagane, og nattestid blir det truleg også minusgrader den komande veka, men vêret er det vanskeleg å klage på. Så sant du ikkje går og ventar på snø.

Frå onsdag til neste onsdag melder nemleg Yr.no om opphald, sol og stort sett pent vêr. Og etter nokre dagar med kjølege dagtemperaturar meiner meteorologane at den vil ligge på mellom 3 og 5 varmegrader over helga.

Vêret vi har hatt så langt i år har ført til vanskar for skianlegga i nærleiken, og verken Ørsta skisenter eller Volda skisenter har ope. I Hornindal har dei noko meir snø og har difor ope delar av anlegget.