Ikkje berre vil dei ha ein stasjon for hurtiglading av el-bilar i Ulsteinvik. Dei vil også at heile, eller i alle fall delar av, den kommunale bilparken vert bytta ut med el-bilar.

Ulstein Venstre, ved Pål Grødahl, har levert to oversendingsforslag til kommunestyremøtet komande veke der temaet er el-bilar.

"Mengda el-bilar aukar stadig og bruksområda for slike blir og utvida. Det finst no og varebilar og større bilar med el-drift. Det hadde vore fint å ha slike i drift i kommunen. Dei vil gjere at kommunen bidreg til å få klimautslippa ned, bedre luftkvaliteten lokalt, gjere dei tilsette enno stoltare av Ulstein, gje kommunen ein grønnare profil og spare kommunen for utgiftar til drivstoff" heiter det i det eine framlegget frå Venstre.

Dei vil at kommunestyret skal be formannskapet finne ut av når og i kor stor grad det kan la seg gjere for Ulstein kommune å gå over til ein elektrisk bilpark og kva ein kan spare på dette.

Hurtigladestasjon

Ulstein Venstre peikar også på at det i dag ikkje finst hurtigladestasjonar for el-bilar på ytre søre Sunnmøre.

"Det hadde vore fint å hatt ein slik i tilknytning til sentrum i Ulsteinvik", seier Ulstein Venstre i sitt andre el-bil-framlegg.

For å legge til rette for at flest mogleg av innbyggarane skal kunne nyte seg av el-bil, ønskjer dei at kommunen skal ta initiativ for å få etablere ein ladestasjon i Ulsteinvik sentrum dersom dette er mogleg.

"Det vanlege å etablere hurtigladestasjonar som eit spleiselag mellom fylket, kommunen og bedrifter. Kanskje lokale bedrifter kan være med på dette også som ein service til sine eigne tilsette og for å gjere noko for miljøet", spør Ulstein Venstre.

Dei ber kommunestyret om å gjere følgjande vedtak: "Kommunestyret ber formannskapet om å ta kontakte Grønn-kontakt, som styrer etableringa av hurtigladdarar i samarbeid med Møre og Romsdal fylkeskommune, for å undersøkje om det er mogleg å få ein eller fleire slike hurtigladestasjonar i Ulstein."