På neste kommunestyremøte, 28. mai,  skal dei folkevalde ta stilling til om prisane på dei kommunale bustadtomtene skal setjast opp. Formannskapet rår til at dette vert gjort.

I følgje nettsidene til Ulstein kommune varierer kvadratmeterprisen for dei kommunale tomtene i Johanmarka i Eiksund i dag mellom 245 og 340 kroner. Forslaget frå formannskapet inneber ein liten auke til  380 kroner per kvadratmeter. I Solsida i Haddal er prisane i dag 81 kroner per kvadratmeter. Her er prisen foreslått sett opp til 200 kroner kvadratmeteren. Storehaugen på Dimnøya har i dag ein tomtepris som varierer mellom 75 og 125 kroner per kvadratmeter. Også her går forslaget går ut på å auke prisen til 200 kroner. Tomtene ved Garsholhaugen er foreslått auka frå 240 til 300 kroner kvadratmeteren.

Dersom tomteprisane vert sett opp, vil dei som allereie har tinga seg tomt få denne til dagens pris.