Det var to personar i bilen og begge kom seg sjølv ut av bilen.

Skadeomfanget var lenge ukjent, men den eine vart sendt til legevakta, den andre til sjukehuset i Volda.

– Politiet har mistanke om at sjåføren ikkje var merksam nok, noko som igjen førte til naudbremsing og at føraren mista kontrollen på bilen, seier lensmann i Ulstein og Hareid, Hans-Eirik Pettersen.

Ulukka skjedde rundt 500 meter frå tunnelopninga på Eika og tunnelen var stengd ei stund etter ulukka. Det danna seg køar på begge sidene av tunnelen, og medan ein venta på bergingsbilen, sette politiet i gang med å få bilar ut av tunnelen.

Førarkortet til sjåføren er beslaglagt og politiet etterforskar saka vidare.