(NPK): Samferdselsdepartementet har bestemt at kommunar og fylkeskommunar er plikta til å sørgje for at det er setebelte i skulebussane.

– Forskrifta styrkar trafikktryggleiken til skuleelevar. Alle skulebarn, uavhengig av kva for eit fylke dei bur i, skal no ha tilgang til sitjeplass med setebelte, seier samferdselsminister Marit Arnstad.

Forskrifta vil gjelde frå 1. juli 2013. På kort sikt kan det vere vanskeleg å skaffe nok bussar med setebelte og nok sjåførar til å oppfylle krava som no gjeld. Det vil derfor bli gitt ein tidsavgrensa dispensasjon for fylkeskommunar som av desse grunnane ikkje klarer å oppfylle krava innan skulestart 2013.