Sunnmøre politidistrikt og 110-sentralen meldte måndag ettermiddag om ein kollisjon mellom to bilar i Eiksundtunnelen. Naudetatane var raskt på staden. Ulukka skal ifølgje politiet ha skjedd på Ørsta-sida av tunnelen. Ein av bilane hadde ifølgje politiet fått motorstopp, og blei så køyrt på bakfrå.

To ambulanser og ein brannbil var raskt på staden, i tillegg til politiet, opplyste ein tipsar.

Ei av ambulansane, som tilfeldigvis var like ved ulukkesstaden, frakta tre skadde personar bort frå ulukkesstaden før politipatruljen kom fram. Det melder NRK Møre og Romsdal.

- Vi er usikre på skadeomfanget, seier operasjonsleiar ved Sunnmøre politidistrikt, Arild Reite, til NRK.

På Ørsta-sida nærma køa seg avkøyrsla til Steinnes ikkje lange stunda etter at ulukka inntrefte.

110-sentralen kunne litt over halv seks fortelje Vikebladet Vestposten at brannvesenet hadde rydda vegen for oljesøl og glas, og at bergingsbilar var på staden.

- Ikkje veldig dramatisk

Elling Hildre, som var i kontakt med Vikebladet Vestposten berre nokre minutt etter at ulukka fann stad, kunne fortelje at ulukka ikkje såg veldig omfattande ut, og at det såg ut som at den eine bilen hadde kjørt inn i bilen framføre seg. Han var også nede i tunnelen, like ved der ulukka skjedde.

- Det såg ikkje så veldig dramatisk ut, sa Hildre.

Kvart over seks måndag kveld meldte politiet at tunnelen var opna for ferdsel igjen.