Langtidsvarselet på Yr.no lovar ikkje godt for dei som håpa på snø før julafta. Veka inn mot jul ser nemleg ut til å bli både mild, grå og til dels våt.

Dei høgaste temperaturane får vi truleg i starten på veka, med om lag ti grader måndag. Utover i veka går truleg temperaturane noko ned, men den nedbøren som er venta kjem truleg som regn. Tysdag og natt til onsdag melder meteorologane også at det kan kome ein del vind, kanskje så kraftig som storm på kysten av Møre og Romsdal.

Temperaturane utover i veka ser ut til å legge mellom 3 og 7 plussgrader.