Nyfikne personar fekk nærkontakt med ulike gardsdyr på garden til Sigurd Liavåg i Hjørungavåg søndag ettermiddag.

Både store og små kunne vandre rundt om på garden og sjå på dyra.

For dei som ville, var det også muleg å få seg ein ridetur på ein av hestane.

Det var også lagt til rette for grilling og sal av andre mat- og drikkevarer.

På andre side av vegen kunne ein også slå til med eit kupp på loppemarknaden.

Alle foto frå garden: Joakim Rødven.