Dei siste dagane har nokre avgangar, også i sambandet Hareid-Sulesund, vorte innstilte fordi av at mannskap ikkje har hatt nok kviletid.

Sist var måndag denne veka. Då var avgangen klokka 19.00 frå Hareid og klokka 19.30 frå Sulesund innstilte. Det var tredje gongen Fjord1 måtte droppe avgangar i sambandet på grunn av manglande kviletid.

– Eg beklagar ulempa dette har ført til for dei reisande, seier regionleiar i Fjord1, Jan Petter Thomsen, til Vikebladet Vestposten.

Han fortel at vaktene mannskapet går i regulert i reglane for kviletid.

– I innanriks er det vanleg å få dispensasjon frå Sjøfartsdirektoratet i fartsområde 1 og 2. Ein slik dispensasjon gjeld vanlegvis i eitt år. Det har vi søkt om, og vi ventar på svar frå direktoratet. I ventetida har vi bemanna opp for å unngå innstillingar, men den siste tida har vi altså hatt nok tilfelle der vi ikkje har hatt nok tilgjengeleg mannskap, seier Thomsen.

Han seier at han reknar med at no blir normal drift utan kanselleringar i tida framover.