Stadig fleire får automatisk brannalarm som er kopla til 110-sentralen om alarmen går. Brannsjef Olav Helt Brubakk i Hareid og Ulstein Brannvesen fortel at dei hadde 106 unødige og avbrotne utrykkingar i 2023. Han forklarer at om ein flyttar frå ein einebustad med kanskje ein røykvarslar til ei mindre leilegheit, der røykvarslaren er tilkopla automatisk brannalarm, kan det vere ei tilvenning første månadene, der alarmen går oftare enn før på grunn av steikeos. Då er det viktig å bruke ventilator.

Om alarmen går unødig er det fint om ein ringer 110-sentralen og får sagt ifrå om at det er unødig brannalarm, så ein får stoppa utrykkinga før brannbilen går ut portane. Han fortel at det er ein del som ikkje torer å ringe å seie frå, så dei får ikkje vite at det er unødig alarm før dei kjem med brannbilen. Han vil oppmode innbyggarane om å heller ringe 110 eller 70119999 for å få stoppa utrykkinga. Det sparer brannvesenet for ein del ressursar.

Inni kategorien unødige og avbrotne utrykkingar er det også falske alarmar, og det er meir alvorleg, seier Brubakk. Det kan vere folk som gir dei falske tips med vilje. Då bind dei opp ressursar i brannvesenet, og om det då skjer ei reell ulukke, så er det ikkje bra. Inni denne kategorien er det også tekniske feil og tips frå folk som trur dei ser brann, men så er det refleksjon i eit vindauge og liknande, så det er ikkje berre unødig med unødige utrykkingar.

Færre bustadbrannar

Medan Hareid og Ulstein Brannvesen rykte ut til fem bustadbrannar i 2022, var det berre ein i 2023. Også her er variasjonane store, fortel brannsjefen. Brann i bygning kan vere alt frå at eit hus brenn heilt ned, til at det har tatt fyr i ein komfyr, så er veggen bak noko brun. I 2023 var det ingen bustader som brann ned i Ulstein eller Hareid.

Det var også berre ein brann i skorstein i 2023. Det var to brannar i køyretøy.

Olav Helt Brubakk er brannsjef i Hareid og Ulstein Brannvesen. Foto: ARKIV/LINDA EIKREM.

Færre brannar i Hareid

– Hareid har færre falske og unødige brannar enn Ulstein, sjølv i forhold til folketalet, kommenterer Brubakk.

79 av dei unødige og avbrotne utrykkingane var i Ulstein kommune, 27 i Hareid kommune.

Det var 14 brannar i Ulstein, 5 i Hareid. Og det var 18 ulukker i Ulstein, 8 i Hareid. Andre oppdrag hadde dei 9 av i Ulstein, og 6 i Hareid. Men talet på helseoppdrag er større i Hareid. Brannvesenet i Hareid var på seks helseoppdrag. Det heng saman med ein avtale dei gjekk inn i før samanslåinga av dei to brannvesena, og denne ordninga har dei vidareført. Brannvesenet i Hareid er del av akutt hjelpar. Dei har høgare kompetanse enn førstehjelp, og er med på utrykkingar i samband med hjartestans og andre alvorlege skadar, fortel Brubakk.

Brann i søppelbøtter

Statistikken til Hareid og Ulstein brannvesen seier at det var to brannar i søppelkassar i 2023. Det er ikkje alltid godt å vite om slike brannar er påsette eller oppstår på grunn av skjødesløyse, som at dei har kasta batteri eller ein sneip som ikkje er sløkt skikkeleg i boset. Ekstra ille er det når søppeldunken står inntil ein vegg, då kan det oppstå brann i bygning om ikkje brannen i søppeldunken blir sløkt.

I 2023 var det også to brannar i skog, gras, inn- og utmark.

Hareid og Ulstein brannvesen bistod også i 16 andre rednings- og bistandsoppdrag.