Av ulike grunnar har Hareid kommune bede Herøy kommune om bistand i saka om Hareid skal frådele 17,5 dekar på gnr. 78 bnr. 1 for sal til privat kjøpar. Kjell Magne Rise og Hanne Brekke ønskjer å kjøpe eigedomen for å etablere eit aktivitetstilbod med hest.

Dette er ei sak med ei lang historie, som Vikebladet Vestposten har skrive om i fleire omgangar. I korte trekk er historia at Kjell Magne Rise kontakta Hareid kommune i 2020 om at han ønskte å etablere eit aktivitetstilbod for kommunen sine innbyggarar. Han inngjekk ein avtale med kommunen om at han og Hanne Brekke skulle få kjøpe ein landbrukseigedom i Hjørungavåg, i avtalen står det at dei nye eigarane vil utvikle eigedomene til beite for hest og rideskule.

Sidan 2021 har det vore hestar på tomta. Det har også vore ført opp nokre bygningar på tomta.

Av ulike grunnar har saka drege ut i tid, til stor frustrasjon både for dei som vil drive med hest på tomta og for naboar. Ein del naboar har protestert på etableringa og meiner hestehaldet er til sjenanse for nabolaget.

Det siste no er altså at Herøy kommune er kopla inn i saka. Det skal ha blitt opplyst om at Herøy er settekommune, men det rette skal vere at Hareid har bede Herøy om bistand til å førebu ei sak som skal til politisk handsaming i Hareid kommune.

Vore vanskeleg å skilje mellom dei ulike funksjonane i Hareid

På spørsmål frå lokalavisa til Hareid kommune om kvifor dei har søkt om bistand i denne saka, svarer kommunalsjef Kai-Rune Bjørke at det av tidlegare kommunikasjon i saka ser at det er utfordrande for tiltakshavar/ansvarleg søkjar/advokat å skilje mellm dei ulike funksjonane Hareid kommune har i saka.

Eining for Næring kultur og busetting er inne som grunneigar og eining for Plan byggesak og geodata har rolla som mynde. Vidare har saka vore utfordrande i høve koordinering/kommunikasjon mellom dei overordna mynda.

– Internt har leiar for Plan byggesak og geodata erklært seg ugild i saka, samt at ein medarbeidar på eininga har ein relasjon til ein part i saka. Ettersom kompleksiteten i saka har auka, ser ein at det interne fagmiljøet på eininga, i denne saka ikkje er optimal, skriv Bjørke.

– Etter ei heilskapleg vurdering, der ein har hatt som ynskje å synleggjere dei ulike funksjonane i saka, og der ein ynskjer at eit fagmiljø vurderer saka, har Hareid kommune kome til at ein vil setje vekk utøvinga av den administrative mynda. Ein har oppretta avtale med Herøy kommune om å handsame søknad/saka vidare. Herøy kommune er med dette formelt settekommune, skreiv Hareid kommune til Herøy kommune og advokat Aasen, som er advokaten til Rise og Brekke.

Til Vikebladet Vestposten skriv Bjørke at ein kan ta kritikk for å ha nytta ordet «settekommune». Han presiserer til Vikebladet Vestposten at det ikkje på noko tidspunkt har vore intensjonen at dei skulle overføre Hareid kommunestyre sin kompetanse til Herøy kommune.

– Når vil saka vere ferdig handsama av Herøy kommune?

– Me har som mål å sende saka over til politisk handsaming i Hareid kommune i veke 7, så lenge det ikkje skjer noko uforutsett, svarer Ole Magne Rotevatn, som er avdelingsleiar utvikling på Utviklingsavdelinga i Herøy kommune, til Vikebladet Vestposten.

Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Etter saka vart overført til Herøy kommune har både Kjell Magne Rise og naboar kontakta kommunen for å legge fram sine synspunkt i saka. Rise har bede Herøy om eit møte for å legge fram planane deira og fortelje om historikken i saka, men Herøy har takka nei. Grunnen er at dei då også må ha eit møte med dei andre som er «tredjeparti» i saka, altså naboar og berørte.

– Vi må i denne saka forhalde oss til Hareid kommune då det er dei som er søkjar og grunneigar. Dette er heilt i tråd med vår vanlege praksis i frådelingssaker at vi forheld oss til søkjar og ikkje andre partar, skriv Herøy kommune.

Herøy kommune skriv vidare at dei har fått særs mykje informasjon i denne saka, med til dels ulik tolking av kva aktivitet som faktisk skal vere på eigedomen som skal frådelast. Dei kjenner seg trygge på at dei har fått nok informasjon i saka. Her er det oversikt over dokumenta Herøy kommune har i denne saka.

Der ligg mellom anna eit skriv frå Elias Liavåg, som bur i nabolaget. Han protesterer på at det skal bli gitt dispensasjon i denne saka.

– Et framtidig næringsområde vil potensielt ødelegge for utviklingen og trivselen i boligområdet, skriv Liavaag og peiker på fleire uheldige sider ved denne etableringa. Han åtvarer mellom anna mot at om det først blir opna for å etablere næringsverksemd er dette eit endeleg vedtak. Tiltakshavar kan då potensielt selje eigedomen til annan næringsverksemd. Han tar også opp trafikale utfordringar med å legge til rette for meir aktivitet i dette området.

Hareid kommune skriv i søknaden sin at det vil vere positivt at det blir etablert fleire aktivitetstilbod i kommunen. Dette gjeld særleg for born og unge og særleg aktivitetstilbod av uorganisert art. Dei viser mellom anna til samfunnsdelen i gjeldande kommuneplan, der ungdomane etterlyste besøksgard i kommunen, med høve til kontakt med dyr. Hareid kommune meiner etableringa til Rise og Brekke vil vere positivt for alle som ønskjer å vere i kontakt med dyr. Det vil vere positivt til både læring- og rekreasjonsføremål.

Dei viser til at området rundt Overåsanden er statleg sikra friluftsområde. Dette området blir mykje brukt, og dei ser det som positivt å utvikle området med aktivitetstilbod i nærleiken.