Vegen har vore stengd nord for Aksneset etter eit steinsprang sist fredag.

Møre og Romsdal fylkeskommune skriv i ei pressemelding at geologar har undersøkt området, og at det er klart at vegen ikkje kan opnast for trafikk no.

Den raude markøren viser Aksneset. Steinspranget gjekk nord for denne staden. Foto: Frå Google Maps

Vidare heitar det at «Grunna stor fare for nye steinsprang må området sikrast og ryddast. Det er eit vanskeleg arbeid der mannskap må flygast opp i helikopter og deretter klatre nedover fjellsida for å fjerne farleg stein. Arbeidet startar opp så snart fjellsikringspersonell er på plass. Grunna omfanget er det vanskeleg å seie nøyaktig kor lang tid dette vil ta, men vegen blir etter planen opna igjen i løpet av veke 2.»