Det er berre nokre dagar igjen av 2023. Vi som jobbar i Vikebladet Vestposten vil med dette takke abonnentar og annonsørar for følgjet dette året. Og så håper vi sjølvsagt at alle saman- og gjerne endå fleire- blir med oss også i 2024.

For oss som jobbar i lokalavisa har det vore eit spennande år. Etter rundt tretti år i Sjøgata 29 i Ulsteinvik flytta vi i september inn i eit kontorlokale i Sjøgata 34. Her trivst vi godt!

Vi ser at det er stadig færre som abonnerer på papiravisa, i skrivande stund viser tala at nesten 58 prosent av abonnentane våre les avisa berre digitalt. Gjennom prosjektet SøreTV, som vi driv saman med Vestlandsnytt og Møre-Nytt, har vi i år difor halde fram satsinga på meir levande bilde på vikebladet.no.

I år har lokalavisa også teke inn ein lærling i innhaldsproduksjonsfaget. Aron er ein av dei aller første lærlingane i dette faget i heile landet, og vi ser fram til å ha han hos oss i vel to år.

Vi set pris på at vi får lage avis i eit lokalsamfunn prega av fred og demokrati. Vi er uendeleg glade for at mange stiller til intervju og for at mange annonsørar framleis ser verdien av å annonsere i lokalavisa.

Hugs at du på vikebladet.no alltid vil finne oppdaterte nyheiter frå Hareid og Ulstein. Også no i jule- og nyårshøgtida.

Vi gler oss til å følgje lokalsamfunnet tett også neste år, og ønskjer alle ei god jul og alt godt i det nye året!