– "Bjørndals Minne" er det eigentlege skaparhuset i Ulsteinvik, meiner Oddvar Saunes, ein nestor innan den lokale verftsnæringa.

Det er det tidlegare skulebygget si rolle som utdanningsinstitusjon som gjer at han tyr til denne karakteristikken.

– Næringslivet rundt oss hadde nok ikkje sett ut slik det gjer i dag, utan realskulen i Ulsteinvik. Denne institusjonen gav mange eit høve til å ta vidare utdanning. For min eigen del er det ikkje sikkert at eg hadde utdanna meg vidare til ingeniør, om eg ikkje hadde hatt dette tilbodet.

Saunes gjekk ut frå Ulstein kommunale realskule i 1964 og har hatt brorparten av yrkeslivet sitt i Ulstein-konsernet.

– Skulekameratane mine kom frå Vigra, Godøya, Giske, Dalsfjorden, Vartdal og mange andre bygder på Sunnmøre. Dei, og mange andre som har vore elevar ved realskulen i Ulsteinvik, har vore entreprenørar og grunderer, har bygd opp verksemder og utvikla lokalsamfunn. Det har gitt store positive ringverknader rundt om i hele regionen – og det hadde ikkje skjedd i like stor grad hadde det ikkje vore for realskulen i Bjørndals Minne. Difor er det viktig at dette bygget vert teke vare på, saman med den historia som sit i veggene her, meiner Oddvar Saunes.

Og teke vare på vert det.

foto
Styremedlemmene Leiv Bjørndal og Stian Skorgen Scheide i Bjørndalsfondet er svært nøgde med arbeidet som er utført i samband med skifte av tak og resturaurering av tårnet på Bjørndals Minne i Ulsteinvik

Jobb nummer ein var å få ordna taket, eit arbeid som vart starta opp i fjor sommar. På grunn av vasslekkasjar hadde det oppstått ròteskadar fleire stader, både i taktro og i taksperrer. Desse skadane er no utbetra, det er lagt ny papp og lekter og ikkje minst er tusenvis av takstein spikra på plass att.

– Takskiferen var i svært god stand, så SR-bygg, som har hatt oppdraget med å reparere taket, har kunne brukt opp att omtrent 90 prosent av steinen, seier Leiv Bjørndal, styremedlem i Stiftinga Bjørndalsfondet.

I tillegg er det staselege spiret på Bjørndals Minne kome på plass att, etter at det bles ned for nokre år sidan.

– Dette er meisterleg utført av Ørsta Vedlikehald sine fabelaktige blikkenslagarar. I tillegg har dei kledd tårnet med koparplater og fått på plass nye beslag og takrenner, også dette i kopar, seier ein svært nøgd Leiv Bjørndal.

foto
TAGGING: Mange av dei som har har gått på realskulen og seinare gymnaset i Ulsteinvik har sett spor etter seg. Det gjorde også avgangselevane ved gymnaset i 1971, om enn på ein litt annan måte. Misgjerninga på mørkeloftet er uansett forelda no.

Takka vere gåvmilde instansar som Kulturminnefondet, Sparebanken Møre, Sparebank 1 Søre Sunnmøre, Ulstein kommune og private gjevarar, har det vore mogleg å skaffe nok midlar til å gjennomføre dette prosjektet.

foto
STILLEBEN PÅ LOFTET: Ein einsleg stol kan stå tørt og godt på mørkeloftet på Bjørndals Minne etter at taket no er tett. Foto: Jorulf Myrene

– I tillegg må vi rette ei takk til Green Yard Kleven for utlån av stillas, skyt Stian Skorgen Scheide inn, også han medlem i styret for stiftinga.

Leiv Bjørndal fortel at prosjektet har hatt eit budsjett på 1,25 millionar kroner og at dei har greidd å halde seg innanfor desse rammene – trass i at prisen på kopar skaut i vêret sist sommar, ein auke på tretti prosent, ifølgje Bjørndal.

No står isolering og istandsetjing av første etasje for tur og fondet er i ferd med å søke etter midlar til dette hos ulike instansar.

1, 8 millionar kroner er målet.

– Vi har elles fått godkjent av skattestyresmaktene at gåver til dette prosjektet kan gi skattefrådrag, opplyser han.

– Når denne etasjen er sett i stand kan vi få inn leigetakarar i bygget og få til ei forretningsmessig drift, noko som elles har vore ein føresetnad for å få støtte frå mellom andre Kulturminnefondet, opplyser Leiv Bjørndal.

Kva som skal skje med Bjørndals Minne vidare er ikkje heilt bestemt, men Leiv Bjørndal håper at bygget med tida kan verte ein boltrestad for kunst, konsertar og andre kulturelle uttrykksformer.

– Her er vi opne for alle innspel, avrundar han.