Eit nytt vitne blei kalla inn av kommunen torsdag morgon, ein person som var assistent i klassen Glen Børge Løset Flø gjekk på.

- Det var ein stor klasse, med mange gutar. Vi hadde det kjekt, sa vitnet på spørsmål frå KS-advokat Øyvind Reinslo.

- Opplevde du at Glen Børge var redd?

- Det kan eg rett og slett ikkje hugse. Dette er lenge sidan.

- Nokre negative episodar?

- Nei, ikkje som eg hugsar.

- Men du var vel nært på klassen den gongen?

- Ja, det var eg. Men eg såg altså ingenting negativt som skjedde.

Advokat Lars-Henrik Windhaug spurde så ut vitnet.

- Kan du hugse at Glen Børge slo hol i hovudet, og på eit anna tidspunkt brakk handa?

- Nei.

Ein av meddommarane spurde om det blei sett inn tiltak i forhold til mobbing av elevar.

- Det blei fokus på fleire vaksne i skulegarden.

- Fekk du vite om årsaken til dette?

- Det var turbulent på skulen.

- Men du fekk aldri vite om Glen Børge blei mobba?

- Nei.

- Fekk igjen

Eit nytt vitne blei kalla inn, ein tidlegare lærar av Glen Børge Løset Flø. KS-advokaten byrja utspørjinga.

- Kva hugsar du frå dei åra, kring Glen Børge?

- Eg opplevde han som ein veldig flott gut. Eg likte godt å ha diskusjonar i klasserommet, og der var han svært aktiv. Han var ganske kunnskapsrik.

- Kva gjorde han i friminutta?

- Det var ofte leik, kappspringing. Han gjekk ikkje så mykje åleine, og oftast ute og sprang.

- Opplevde du at han var redd andre?

- Det var éin gong, då ein annan sprang etter han og skulle ta han. Det var noko med at Glen Børge skulda vedkomande pengar. Han blei skremt då denne personen truga han, og sprang til faren som jobba ved ei verksemd i området. Dit sprang han fleire gonger. Men det kom ikkje til handgemeng dei åra, slik eg hugsar det.

- Var det noko med hans personlegdom som gjorde dette?

- Altså, det kunne byrje med kappspringing i friminutta, men dei andre nådde aldri tak i han.

- Opplevde du Glen Børge som eit mobbeoffer?

- Han blei terga og erta ein del, men han fekk igjen for ting han gjorde mot andre. Det var ein dårleg kombinasjon med mange gutar i den klassen, og det oppstod fleire situasjonar.

Den tidlegare læraren fortel at Glen Børge Løset Flø hadde hovudrolla i eit teaterstykke, der han også song, framfor heile skulen.

- Han var ikkje redd, han var kjempeflink.

Ein av meddommarane spurde så vitnet om det blei gjort tiltak mot mobbing i klassen.

- Ikkje direkte i forhold til Glen Børge, men det blei mellom anna dobla vakthald i skulegarden. Vi skulle vere meir merksame i forhold til kva som skjedde kring han.

Advokat Windhaug spurde så om vitnet hugsar Glen Børge som hyperaktiv i timane.

- Nei, ikkje noko utprega.

Hugsa lite

Eit tredje vitne, tidlegare i PPT, blei kalla inn i salen.

PPT var inne som rådgjevarar i forhold til Glen Børge Løset Flø då han gjekk på barneskulen.

Øyvind Reinslo, KS-advokaten, skulle først spørje ut vitnet. Rettsadministrator Dag Brathole oppdaga derimot i førebuinga av vitnet at vedkomande ikkje hugsa noko utanom rapporten som blei skriven den gongen.

Men, Reinslo spurde om testane som var nemnt i rapporten viste noko ved Løset Flø.

- Ifølgje det som står her hadde han vanskar med å forstå sosiale situasjonar. Men eg hugsar som sagt ikkje noko anna utover det som står i rapporten.

- Det eg likevel ser i ettertid er at dette nok burde vore vurdert av andre instansar også.

Vitnet fortalde også at ein rapport av den typen som blir lagt fram i rettspapira ikkje viser det heile og fulle biletet.

- Dette er meir som ei oppsummering.

- Det var nokre konfliktar

Eit fjerde vitne, ein tidlegare kontaktlærar av Glen Børge Løset Flø på ungdomsskulen, var neste person i vitneboksen.

- I hovudtrekk hugsar eg han som open, og vi hadde eit godt forhold. Han var litt uroleg, men det er heilt vanleg blant pubertale gutar. Det var mange sterke og vaksne jenter i denne klassen, så dei pubertale tendensane kom ikkje heilt fram, heldigvis. Eg hugsar han likevel mest

- Hadde han det greit på ungdomsskulen? spurde KS-advokat Øyvind Reinslo.

- Så vidt eg hugsar. Men eg veit at det var nokre konfliktar, på fritida. Eg hugsar også at han hadde helseplager.

- Blei han mobba på ungdomsskulen?

- Nei, om det føregår mobbing blir det tatt opp med rektor, og følgt ein viss prosedyre. Men det skjedde ikkje med han, slik eg hugsar det.

Lars-Henrik Windhaug, advokat for Glen Børge, spurde om den tidlegare kontaktlæraren hugsa om vedkomande fekk informasjon om Glen Børge som hadde blitt mobba på barneskulen.

- Hadde det ikkje vore naturleg at ting som var kjent frå barneskulen, burde blitt gitt som informasjon til deg?

- Jo, det hadde vore naturleg, men det hadde nok ikkje vore alt som hadde kome fram. Dette er informasjon som går til administrasjonen på skulen. Eg fekk ikkje noko skriftleg informasjon kring Glen Børge som mobbeoffer, då han byrja i klassen min.

- Eit ribbeinsbrot Glen Børge fekk under ungdomsskuletida, høyrde du om det?

- Ja, det visste eg hadde skjedd. Men eg hugsar ikkje kva det var som var årsaken til det.

Vitne nummer fem, ein tidlegare inspektør ved ungdomsskulen, blei så kalla inn, for å svare på om informasjon blei gitt frå Hasund skule då Glen Børge Løset Flø byrja på Ulstein ungdomsskule.

- Nei.

- Ikkje noko nytt

Advokaten til Glen Børge Løset Flø, Lars-Henrik Windhaug, nytta høvet til å seie det han meiner om bevisførselen til KS-advokaten og kommunen så langt i denne saka.

- Etter mitt syn er kommunen sin bevisførsel denne gongen lik det den var ved sist høve. Det har ikkje kome fram noko nytt, meiner vi, sa Løset Flø.