No har også Ulstein Kristeleg Folkeparti kome med eige budsjettframlegg.

Dei har etter fleire møte i gruppa kome fram til at dei vil vente med å innføre eigedomsskatt til 2017. Dei vil sjå an utviklinga i 2016 både på kommunal drift og utviklinga for næringslivet/skatteinngang før dei eventuelt vedtek å innføre eigedomsskatt i 2017.

Større optimistar enn Rådmannen

Medan Rådmannen har budsjettert med at skatteinngangen til Ulstein kommune kjem til å vere på landsgjennomsnittet (100 %), har Ulstein Arbeidarparti budjettert med ein skatteinngang på 104,5 prosent og Framstegspartiet med 103 prosent.

Ulstein KRF har auka skatteinngangen til 106 prosent, noko som gjev dei fem millionar fleire kroner å bruke i budsjettarbeidet.

I åra 2017-2019 har partiet lagt inn ein skatteingang på 104 prosent. Desse åra blir det 3,3 millionar ekstra. Vel og merke om prognasane held.

Pengane skal gå til å styrke likviditetsreserven, skule og helse. Dei vil mellom anna ta inn igjen musikkterapeuten i budsjettet. Inn med leirskule, styrking av grunnbemanning innan demens og styrke norskopplæringa til introduksjonsprogrammet til flyktningar.

Vil vente med ny kyrkje

Gruppeleiar Steinar Torvik skriv at det er viktig at ikkje forarbeidet til ny kyrkje stoppar opp, men slik stoda er no med tanke på den økonomiske situasjonen for kommune, konjunktursvigningar i næringslivet og status på forprosjektering, ser han det som naturleg at det ikkje blir fatta endeleg vedtak før i 2016. Dei ahr difor utsett kostnader til kyrkje til 2018.

Ulstein formannskap diskuterer budsjett oge eigedomsskatt på møtet i ettermiddag, men det blir endeleg vedteke av kommunstyret 17. desember.