NRK Trafikk skriv tysdag ettermiddag på Twitter at ein bil har fått stans i Eiksundtunnelen. Bilen skal stå i køyrefeltet i retning Ulsteinvik. Det er mogleg å passere, men trafikantar blir oppmoda om å vere obs på bilen.

Ifølgje Statens vegvesen sine trafikkmeldingar skal det gjennomførast bilberging av bilen, men at det er usikkert når berginga er gjennomført. Vegvesenet har estimert ei sluttid til 17.00.

I ei oppdatering av trafikkmeldinga på Vegvesenet sine nettsider går det fram at tunnelen vart stengt 15.42 som følgje av bilberginga. Berginga var ferdig i løpet av om lag 20 minutt og 16.05 var tunnelen open igjen.