– Det verste var å miste alle dei historiske gjenstandane eg har samla gjennom 35 år med dykking, seier Morten Stridh.

Det er tidleg søndag ettermiddag på garden han og kona Linda tok over for rundt ti år sidan. Eit og eit halvt døgn etter at brannen starta luktar det svidd og det ryk framleis heftig frå ruinane etter den 600 kvadrat store løa. Området er sperra av med politiband, og marka rundt løa er full av kolrestar.

– I kjellaren her hadde eg eit «Forlishistorisk Museum», ei privat samling frå skipsforlis langs norskekysten. Dei er tapt uansett, det er slikt som ikkje kan erstattast eller kjøpast nytt, seier Stridh.

I Narvik

Morten Stridh fyller snart femti, og har drive med dykking sidan han var tenåring. Fredag var han i Narvik på dykketur.

– Der er mange skipsvrak frå krigen, eg har vore der fleire gongar før. Fredag dykka eg på panserskipet Norge, og planen var at eg skulle vere i Narvik til søndag, seier han.

Men slik vart det ikkje. Fredag kveld fekk han telefon heimanfrå: Løa står i full fyr!

– Kva eg tenkte då? Nei, sei det ... Løebygningen og noko av det som var inni, var forsikra. Men her var mykje som ikkje var forsikra, seier Stridh.

Han sette igjen bilen i Nord-Noreg og tok fly heim etter at han fekk beskjed om brannen.

– Vanskeleg sak

No står berre murane igjen av det som ein gong var ei stasløe.

– I slike tilfelle, når bygningen er så utbrent, er det ofte vanskeleg å finne brannårsaka, men vi håper å finne eit svar, seier lensmann Hans-Eirik Pettersen.

Han fortel det er i løpet av veka skal gjerast nokre krimtekniske undersøkingar på branntomta.

– Vi skal også snakke med eigar og vitne, seier Pettersen.

Museum i kjellaren

Morten Stridh skal no lage ei oversikt over det som gjekk tapt i brannen. Han anslår at der var dykkarutstyr verd ein million kroner og verktøy for ein million. Løa var fullverdiforsikra. I kjellaren, i det som ein gong var sauefjøs, hadde Stridh altså bygt opp eit omfattande museum.

– Der var rundt 1000 gjenstandar, dei var ikkje forsikra. Det var slikt eg har samla gjennom 35 år som dykkar og også noko eg har fått donert av andre dykkarar. Mellom anna ting frå Runde-funnet og porselen frå tyske skipsvrak. Tinga i seg sjølv har ikkje alltid den store verdien, kvar ting er meir som ein post it-lapp til ei eller anna historie frå ei fjern tid, fortel Stridh.

Ser framover

I den store løa hadde også firmaet hans, Stridh Sub Sea, base.

– Vi tok over garden her då svigerfaren min døydde. Faren min og eg brukte eit år på å legge nye golv og setje opp nye vegger. Planen var no å legge nytt tak, og å setje inn nye dører og vindauge, seier Stridh, og peikar på haugane med materiale som ligg på eigedomen.

No må i staden heile løa byggast opp igjen.

– Ja, vi må ha ein driftsbygning, sjølv om eg akkurat no ikkje har så mykje å fylle den med. Det er vel som ein kalender. du kan ikkje sitje og kike i fjorårets. Du må ta årets kalender og sjå framover, eg er ingen slagen mann, seier Stridh.