Laksefisket i Hareidselva:
– I år har den einskilde fiskar ikkje lov til å fiske meir enn to laksar og ein aure i løpet av 24 timar, fortel leiar Ottar Arne Hareide i Hareid elveeigarlag.
Han meiner dette slår uheldig ut for fiskarane i Hareidselva.
– Ei flaumelv
– Hareidselva er ei flaumelv. Ho veks svært fort, og fell like fort ned att. Ein del andre elvar har meir snø i fjella, og dermed eit jamnare tilsig. Men vi kan sjølvsagt ikkje gjere noko anna enn å rette oss etter reglane som er innført, kommenterer Hareide.
Laksefisket i Hareidselva startar altså laurdag 1. juli, og varer fram til 15. august, utan stopp viss elva ikkje blir for tørr.
I år er det lov til å fiske i Hareidselva også på måndagane. Forbodet mot måndagsfiske vart oppheva i fjor.
Laks på 7 kg
Dei siste åra har laksefisket vore godt i Hareidselva. Hareide har ikkje tala framføre seg, men trur det vart landa ein stad mellom 120–150 laksar i fjor. Den største laksen som vart rapportert inn var på 7 kg.
Blir stengd i tørkeperiodar
Men i periodar med tørke har elva blitt stengd, og slik kjem det til å bli i år også viss det blir lite nedbør i sommar.
– Vi har skilt som blir sett ut langs elvekanten. Raudt merke betyr at det ikkje er lov å fiske, grønt betyr klar bane. Vi har folk som passar på, og det er ikkje opp til ein person åleine å avgjere om elva skal stengast. Vi tek slike avgjerder som ei styresak, seier leiaren i Hareid elveeigarlag.
Det er no ti dagar att til laksefiskarane kan stille seg opp i Hareidselva og håpe på napp. Men før dei gjer det, må dei passe på å løyse fiskekort. Kortet må dei skaffe seg på sportsbutikken i Hareid sentrum.
Håper på nedbørsrik sommar
– Så då er det ikkje så mykje anna å seie enn «skitt fiske». Og alle som har lyst til å prøve fiskelykka håper sjølvsagt på ein nedbørsrik sommar, slik er det berre. Det er då fisken går opp i Hareidselva, forklarer Hareide.
Anne Gry Eilertsen