– Vi høyrer diverre stadig om folk som ikkje gjer opp for seg på hotell og serveringsstader, seier bransjesjef i NHO Reiseliv, Dagny Øren.

– Vi har fått ein del spørsmål etter at saka frå Hareid vart kjent. Og vårt generelle råd, er at våre medlemmar må ta betalt før gjester får sjekke inn på hotell. Også på restaurantar er det høve til å be om betaling på førehand, seier Øren.

Etterforsking i Vest

Det var hotellsjefen på Hareid, Linda Haddal Røssevoll, som kontakta politiet sist laurdag. Ho mistenkte at ein gjest, ein 31 år gamal mann frå Tromsø, hadde tenkt å stikke av frå rekninga. Han tilstod og er no sikta for svindel fleire stader i landet.

– Dette er ein person som har vore etterlyst av politiet over heile landet. Han tek inn på hotell under falske namn og stikk så av utan å betale rekninga, sa lensmann i Ulstein og Hareid, Hans-Eirik Pettersen, tidlegare denne veka.

Under ransakinga på hotellrommet vart mistanken om bedrageri styrkt.

– Vi fann over seksti hotellkort og nøklar til diverse hotell. Det seier noko om omfanget, sa lensmannen.

Ansvaret for etterforskinga er no lagt til Vest politidistrikt, sidan det er flest saker frå deira område. Politiadvokat Merete Sundal er påtaleansvarleg i saka. Ho seier at ho nettopp har fått saka og at ho no difor ikkje vil gje nokon kommentar til etterforskinga.

Tidlegare domfelt

Vikebladet Vestposten har fått tilgang til ein dom frå Nord-Troms tingrett frå mai 2016. Han som i helga vart arrestert på Hareid, vart då dømt til 45 dagar fengsel på vilkår for bedrageri. Ifølgje domen stakk han av frå rekninga på eit hotell i Drammen i januar 2015, og han hadde lurt til seg eller teke varer frå daglegvarebutikkar i Tromsø, Bergen, Stavanger, Orkanger og Trondheim. Han vart også dømt til å betale for både varer og hotellopphald.

I dommen frå tingretten heiter det at mannen ikkje møtte til hovudforhandlinga.

– Eg har ingen kommentar til denne saka, seier advokat Harald Pleym, som forsvarte den då 29 år gamle mannen.

Vil ha endring

NHO Reiseliv har 3000 medlemsbedrifter og er den største arbeidsgjevar- og næringsorganisasjonen for reiselivet her i landet. Allereie i mars å sende organisasjonen brev til Justisdepartementet, der dei ber om endring i straffelova.

I straffelova paragraf 377 heiter det: «Med bot straffes den som uten å oppgi navn og adresse forlater et overnattingssted, serveringssted eller annet sted der en ytelse er mottatt, uten å betale på stedet som forutsatt. Straff etter paragrafen her kommer ikke til anvendelse dersom forholdet går inn under § 373.»

Og § 373 står det at «Bedrageri straffes med bot når straffskylden er liten fordi det gjaldt en ubetydelig verdi og forholdene for øvrig tilsier det.»

– Vi meiner at folk som stikk av frå rekninga gjer seg skuldig i tjuveri, difor vil vi ha endring i straffelova. Det er ofte snakk om små bedrifter som vert ramma, dei har ikkje råd til å miste inntekter på denne måten, seier Dagny Øren i NHO Reiseliv.