Ein litauisk langtransportsjåfør vart tidlegare denne månaden dømt for brot på vegtrafikklova etter å ha køyrt ein semitrailer på fylkesveg 61 i Hareid kommune. Bakgrunnen for dommen er at lasten var forskuva over på høgresida og ikkje forsvarleg sikra. Sunnmøre tingrett meiner traileren var skeivlasta på ein måte som medførte fare under køyringa. Tiltalte erkjente straffskuld.

Den litauiske sjåføren har vore plassert i varetekt sidan 6. desember. Tingretten skriv at ein vanlegvis ville verte straffa med ei bot, subsidiært med ei fengselsstraff, men sidan den tiltalte blir godskrive for 30 dagar i varetekt ser retten på det som at straffa allereie er gjennomført.

Oppdaga tre kasser med sprit

Sjåføren var også tiltalt både etter tollova og alkohollova. Sjåføren skulle levere byggevarer til ein byggeplass i Haddal, men under leveringa vart det oppdaga tre større kasser med sprit på traileren. Desse inneheldt mellom anna nærare 950 litersflasker med vodka, samt brandy og whisky. Desse vart ført inn til Norge frå Sverige, men utan at varene var lagt fram for tollkontroll. Ifølgje sakspapira frå tingretten unndrog ein dermed avgifter på meir enn 360.000 kroner.

Den tiltalte sjåføren nekta for at han kjende til at dei tre kassene med sprit var med i lasta, men har forklart i retten at han fekk ein telefon etter avreise om at han hadde nokre kasser om bord og at desse skulle leverast i Ålesund. Tingretten legg til at det ikkje er ført vidare bevis frå politiet si side som motbeviser dette, og retten kan ikkje sjå vekk frå at den tiltalte si forklaring er rett.

Sjåføren vart difor frifunnen for brot på tollova og alkohollova. Han vart likevel dømt til å tole inndraging av partiet med brennevinsflasker, sidan retten meiner det elles vil vere nærliggande fare for at spriten vil verte gjenstand for straffbare handlingar, skriv Sunnmøre tingrett.