(Anne Marjatta Gøystdal/NPK-NTB): – Dersom vaksinedekninga går ned, kan sjukdommar som i dag er sjeldan vende tilbake. Det er derfor viktig å rydde av vegen alt som kan hindre at barn og unge får dei sikre vaksinane i barnevaksinasjonsprogrammet, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie (H).

Det vil gå fram direkte av lovteksten at det er tilstrekkeleg at éin av foreldra med foreldreansvar samtykkjer.

I statsråd fredag vart det vedtatt fleire endringar som styrkjer barns rettar som pasientar og pårørande.

– Alle pasientar har rett til å bli høyrt og sett, uansett alder. Det gjer ikkje berre behandlinga betre. Det gjer det også lettare å meistre sjukdom, seier Høie.

Pårørande også for søsken

Lovteksten blir endra slik at det skal gå fram direkte at barn har rett til å få informasjon og at dei har rett til å bli høyrt når dei får behandling.

Helsepersonell får plikt til å vareta barn som pårørande også til sjuke søsken – ikkje berre som pårørande til foreldre, som i dag. Det kan vere søsken med alvorleg fysisk eller psykisk sjukdom, skade eller rusmiddelavhengnad. Barn skal også varetakast som etterlatne etter foreldre og søsken.

Rett til å bli høyrt

Barn får også sterkare rett til å seie si meining om helsehjelp på eigne vegner. Dei skal ha rett til å bli høyrt når andre samtykkjer for dei. Når dei er i stand til å danne eigne meiningar om eiga helsehjelp, skal det tilleggast vekt. Det gjeld seinast frå barnet fyller sju år. Når barnet fyller tolv år, skal det leggjast stor vekt på kva det meiner.

I tillegg kan helsepersonell unntakast for plikt til å gi informasjon til foreldra når det er tungtvegande grunnar for det. Det kan for eksempel hjelpe barn som i dag vegrar seg for å fortelje om vald og overgrep fordi dei fryktar straff frå foreldra. Unntaket vil gjelde uavhengig av alderen til barnet.