Torsdag hadde forhandlingsutvala for Hareid og Ulstein sitt første, innleiande møte på Hareid rådhus.

Forhandlingane er i gang:

Fredag hadde forhandlarane Ulstein rådhus som arena, og innleiinga og kapittelet om «visjon og mål» gjekk i ein idyllisk tone. Det var ikkje vanskeleg for nokon av partane å slutte seg til visjonen om at den nye kommunen skal vere den mest attraktive kommunen å busetje seg i på Sunnmøre grunna attraktive og definerte tettstader og bustadområde, ein interessant og mangfaldig arbeidsmarknad og eit framifrå kultur- og idrettsmiljø.

Målet er eit godt skuletilbod med kvalitet i fokus, ein fast lagspelar for næringslivet, ein nasjonal kultur- og idrettskommune. Og ein attraktiv arbeidsgjevar.

Viktig med attraktive tettstader

Heller ikkje kapittelet om samfunnsutvikling skapte særleg debatt.

Begge partar verka å vere samde om at attraktive tettstader blir rekna som viktig for å sikre vekst og utvikling både i tettstaden sjølv og i tilliggande krinsar.

- Ulstein og Hareid har begge kvar sine tydeleg definerte kommunesenter som skal utviklast med tanke på å legge til rette for bulyst og attraktivitet. Fortetting og forskjønning i sentrum vert rekna som viktige verkemiddel for å oppå dette. Det skal leggast til rette for eit breitt handels- og servicetilbod i tettstadene, heiter det i intensjonsavtalen.

Dette kapitlet har også med at krinsane skal riggast for for vekst og bulyst.

Blant tiltaka som er tenkt er utarbeiding av tettstadanalyse for Hareid og Ulstein, prioritere tettstadutvikling i begge dei eksisterande kommunesentra – og at kommunen skal regulere og bygge ut tomteområde i alle krinsar.

Men så starta skrapinga i lakken …

Men forhandlingane hardna til då utvala starta på kapittel 5 i intensjonsavtalen, som handlar om kva slags kommunale oppgåver som skal leggjast til rådhusa i Hareid og Ulstein.

- Ja, no begynner vi å skrape i lakken, slo ordførar Engh i Ulstein fast før han bar fram bodskapen sin:

- Ulstein har eit sterkt ønske om at det administrative kommunesenteret skal ligge i Ulstein. Vi blir den største landkommunen i Møre og Romsdal og eit regionsenter på Søre Sunnmøre. Ulstein ligg midt i regionen og utanfrå blir Ulstein sett på som det naturlege midtpunkt.

Ordførar Anders Riise i Hareid hadde motargumenta klar: - Ulstein har fått ein del vekst, og kjem til å få meir. Det er derfor naturleg at Hareid får noko meir av den kommunale utteljinga. Og spesielt for dei som kjem nordanifrå er  det Hareid dei møter først.

Engh: Ulstein står på sitt

Riise: - Vi har ikkje endra standpunkt sidan forhandlingane i går. Innbyggjarane i Hareid har vore tydelege på at dei ikkje ønskjer å slå seg saman verken med storkommunen Ålesund eller gå med i Runde-alternativet. I kommunestyret var det knappast mogleg fleirtal for at vi skulle gå i forhandlingar med Ulstein. Viss vi ikkje får eit heilt klart og tydeleg signal om at det skal satsast på Hareid, kjem innbyggjarane i Hareid til å røyste nei under folkerøystinga. Dei ti kilometrane som skil Hareid og Ulstein sentrum bør ikkje vere noko hinder for å legge sentralfunksjonar til Hareid. Veksten i Ulsteinvik har blant anna kome av Hareidsbedrifter som har etablert seg i Ulsteinvik - og viss vi ikkje kjem fram til noko betre for Hareid, så kjem vi ikkje til å lukkast.

Engh: - Eg forstår at dette er vanskeleg for Hareid, men det er vanskeleg for oss i Ulstein også. Vi har også ei befolkning å ta omsyn til. Oppfatninga er at Ulstein er det naturlege kommunesenteret, tok Engh opp att.

Etter ein pause, der partane gjekk til kvart sitt rom, kom dei så innatt for å presentere kva funksjonar dei meinte skulle leggjast til dei ulike rådhusa.

ULSTEIN kom med dette forslaget:

Strategisk leiing og strategiske stabsfunksjonar skal leggjast til Ulstein rådhus. Det same vil dei at Helse- og omsorg – og Eigedomsforvaltninga skal gjere.

Til Hareid kan dei tenke seg å plassere plan- og utviklingsavdelinga, koordinerande stabsfunksjonar, teknisk, oppvekst, kultur og Nav

HAREID kom med dette forslaget:

Strategisk leiing og strategiske stabsfunksjonar skal leggjast til Hareid rådhus. Det same gjeld koordinerande stabsfunksjonar og oppvekst.

Til ulstein kan dei tenke seg å plassere: plan- og utviklingsavdelinga, teknisk, helse- og omsorg, kultur, Nav og Eigedomsforvaltning.

Etter ei kort drøfting kom ordførar Engh med følgjande hjartesukk:

- Eg trur vi er ganske fastlåste begge partar i dag.  Vi er samde om at vi er usamde, og eg trur vi har behov for å drøfte løysingar med formannskapa våre.

Ei sak som det verka å vere semje om er at det i den nye kommunen skal vere eit kommunestyre på 31 medlemer og eit formannskap på 9 medlemer.

Namnespørsmålet vart ikkje drøfta, men Steinar Torvik (Ulstein KrF) orda fram på om at det kanskje kan vere ein idé å lyse ut ein idékonkurranse om namnet.

Men forslaget vart hengande i lufta.

Neste drøftingsmøte blir førstkomande tysdag klokka 12.30 på Hareid rådhus.