Men Hareid fekk ei marerittopning av dei sjeldne. Rollon scora på sine to første sjansar og leia 2-0 etter 13 minutt. Begge måla kom etter nøling i Hareid-forsvaret.

Tok over

Det raudtrøyene presterte frå 2-0-målet og inn til pause er derimot det beste som er vist hittil i år. Spelarane spelte med låge skuldrer og stor sjølvtillit. Kantspelet var lekkert med ei rekkje vippar, hælspark og andre finurligheiter frå spelarar som Nikolai Røyset og Georg Eikrem Olsen. Sentralt på midten tok Marius Rise og Audun Øvrelid tak og hadde etter kvart kontroll der. Kim-Tore Husøy fungerte godt som møtande spiss, og forsvarsspelet gjekk frå å naivt til botnsolid.

Klassescoring

Reduseringa kom etter 30 minutt. Og for eit spel! Ballen gjekk frå Rise på midtbana, ut til Gardshol på høgrebacken, opp til Husøy som spiss, ut til Vattøy som kant. Han var den einaste som brukte to touch. Med det andre spelte han fri Georg Eikrem Olsen, som sette ballen i mål frå bakarste stong. Lekkert!

Rollene var skifta om då 2-2 kom fem minutt seinare. Olsen stod for den målgjevande pasninga, medan Vattøy sette ballen sikkert i mål.

Også i starten av 2. omgang var Hareid gode. Vattøy fekk ein kjempesjanse åleine med keeper etter 53 minutt, men bomma.

Fullførte snuoperasjonen

Kvaliteten på Hareid-spelet var i ferd med å falle, men så kom 2-3 etter 73 minutt. Vattøy prøvde seg frå kort hald, før Joachim Røyset sette returen frå keeperen i mål.

Rollon måtte naturleg nok opp i bana, og etter 76 minutt var dei ei god Vagn Scheide Mork-redning unna utlikning. I staden kom 2-4 tre minutt seinare. Og for det målet kan Rollon berre takke seg sjølve. Forarbeidet til Christer Adrian Mork ute på venstresida var rett nok veldig godt. Men heimekeeperen heldt ballen i fast grep før han på eitt eller anna vis klarte å miste han upressa. Vattøy takka og bukka ved å enkelt doble Hareid-leiinga.

Redusering

Kvittrøyene la inn ein spurt, og brende store sjansar både etter 81 og 87 minutt. I mellomtida hadde Audun Øvrelid brent ein endå større ein for Hareid. Eitt minutt før ordinær tid kom 3-4 då ein umarkert Eirik Øiehaug heada ballen i lengste hjørne.

Dei mange overtidsminutta vart ulideleg spennande. Rollon pressa, men Hareid spelte klokt. Bortelaget vann ein etterlengta og fortent siger i det som frå nøytralt hald må ha vore ein tett og underhaldande kamp.

Ref. HIL

Kampfakta4.-divisjon runde 10Rollon – Hareid 3-4 (2-2)Rollonbana kunstgrasTilskodarar: Ca. 80Mål: 1-0 Johan Strand (10), 2-0 Adnan (13), 2-1 Olsen (30), 2-2 Vattøy (35), 2-3 J. Røyset (73), 2-4 Vattøy (79), 3-4 Øiehaug (89)Dommar: Oddbjørn Aam, Åmdal ILGule kort Rollon: Markus F. Håndlykken og Alexander von Løwensprung (hjelpetrenar)Gule kort Hareid: Olsen, Husøy, N. Røyset, CA Mork, Vattøy.Hareid (4-4-1-1): Vagn Scheide Mork - Antoni Gardshol, Lars Andreas Dahlen Folkestad (Eiliv-Tore Howlid 51), Ørjan Engen Grimstad (K), Nikolai Røyset - Ola Kalvø Vattøy, Audun Øvrelid, Marius Rise (Christer Adrian Mork 74), Joachim Røyset - Kim-Tore Husøy - Georg Eikrem Olsen (Fredrik Andresen 90)