Onsdag 5. april kjem den fyrste av seks episodar med påskenøtter frå SøreTV. I kvar episode må ein gjette kvar videojournalisten Lisa er, i tillegg til å svare på eit spørsmål om staden. Om ein svarar riktig på begge spørsmåla i ein episode, kan ein vinne ein sekspakning med Kvikk Lunsj og ein termokopp med SøreTV-logo.

Påskenøttene held på fram til andre påskedag, og du kan sjå alle episodene på nettsidene til Vestlandsnytt, Møre-Nytt og Vikebladet Vestposten.

Skjermdump frå fyrste episode av påskenøtter. Foto: Lisa Bendal