Ny ordførar: Stian Skorgen Scheide blir etter alt å døme ny ordførar i Ulstein kommune – etter at Høgre blei Ulstein sitt største parti i kommune- og fylkestingsvalet 11. september. Ifølgje kommuneadministrasjonen blir han også Ulstein sin yngste ordførar gjennom tidene, då han framleis vil vere 32 år gammal når han får ordførarklubba. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Annleisguten som blir ordførar: – Eg vil like gjerne gjere ein forskjell for dei få, som for dei mange

Stian Skorgen Scheide blir etter alt å døme Ulstein sin nye ordførar. Han største mål er å vere ein forståingsfull og inkluderande ordførar for alle. Det mange ikkje veit, er at nettopp dette har han klart, trass i men også på grunn av ein oppvekst der han sjølv ikkje følte seg forstått av dei rundt han, eller forstod seg sjølv.