Eit bilete seier meir enn tusen ord. Det gjeld også bilete frå jonsokfeiringar.

Sommarmotiv?

Sjølv om vêrmeldinga ikkje er av det beste slaget, håpar vi likevel at alle digital- og systemkamera i Ulstein og Hareid knipsar flotte motiv frå fjøre og strand. Og at fotografane vil dele desse bileta med andre gjennom ei flott biletserie på nettavisa vår www.vikebladet.no.

Dei som ynskjer å vise fram bileta sine, kan sende dei på e-post til lesarfoto@vikebladet.no.

Det er også mogleg å sende direkte frå mobiltelefon. Då opnar du ei vanleg SMS/MMS-melding, skriv lesarfotovikebladet.no i staden for eit telefonnummer og legg til ønska bilete. Då kjem ditt bilete direkte til vår lesarfotoadresse.

Du kan også be om at ditt bilete skal delta i vår månadlege fotokonkurranse der du kan vinne eit flott Vikebladet Vestposten-krus med påskrifta “Månadens lesarbilete”.

Stemningsbilete

Temaet er jonsok. Tips til kva du kan fotografere er grilling på grill, grilling over bål, born som leikar, vaksne som kosar seg, aktivitetar og mykje forskjellig. Større forsamlingar kan også fotograferast, men då må du passe på at ikkje noko står meir fram i biletet enn andre. Dette kan nemleg bryte med person- og åndsverklova, med mindre dei har gjeve løyve til å bli fotografert.