Eigar og eldsjel Willy Nesset hadde invitert heile to storingsrepresentantar, Hareid-ordføraren og fleire andre med seg på den stolte og legendariske ishavsskuta Polarstar. Det i høve startskotet på 70-årsfeiringa av båten denne helga.

Høgre-politikarane Tage Pettersen, stortingsrepresentant for Østfold Høgre og medlem i familie- og kulturkomiteen, og Svein Harberg, stortingsrepresentant for Aust-Agder og første nestleiar i kontroll- og konstitusjonskomiteen, var nok æresgjestane - men om bord i Polarstar er det vanskeleg å ikkje føle seg som ein æresgjest - alle som ein. For makan til skute!

Seglasen frå Ålesund til Hareid er ikkje den lengste, men passasjerane fekk både høyre motoren slå taktfaste slag, trekkje sjøluft og sjå vakker natur på vegen.

Sjå bilde i toppen av saka.