Utan godt samarbeid og ei sterk dugnadsånd hadde det aldri blitt ny leikepark i byggjefeltet på Bigset. Like før fellesferien tok til stod den flotte leikeparken klar til bruk, til glede for store og små.
Under jonsokfeiringa like før fellesferien fekk den nye leikeparken på Bigset sin elddåp. Fleire titals av bygdefolket møtte opp, og storkosa seg med grillmat og leik. Den nye leikeparken har kome i stand etter mykje godt dugnadsarbeid frå Bigset Velforening og bygdefolket, og fleire næringslivsaktørar har sponsa prosjektet. Då Vikebladet Vestposten var innom, var det full fart på grusen og oppe i leikestativet. Til venstre like utanfor biletet har det også kome på plass eit nytt reiestativ.
Foto: Ole-Ottar Høgstavoll.