Tal frå NAV syner at den sesongjusterte arbeidsløysa i Møre og Romsdal har gått ned i høve mai og juni, og fylket er framleis blant dei med lågast arbeidsløyse. Her har også arbeidsløysa hatt ei mindre stigning enn i landet totalt. I juli er det 3232 personar som er heilt utan arbeid i fylket vårt. Det vil seie 2,3 prosent av arbeidsstokken, noko som er ein auke på 4,2 prosent frå same tid i fjor.

Ser ein landet under eitt, er det 79.647 personar som er heilt utan arbeid, eller 3 prosent av arbeidsstokken. Denne auken er på 6,7 prosent sidan i fjor.

Både Ulstein, Hareid, Herøy, Sande, Volda og Ørsta hadde ei aukande arbeidsløyse i løpet av juli. I Vanylven var talet stabilt.

I Hareid er det ein auke i talet på heilt ledige på 3 personar i juli, og medan Hareid og Vanylven opplever små endringar siste månaden, er det større svingingar i til dømes Ulstein.

Aukar mest i Ulstein

Av kommunene på Søre Sunnmøre er det Ulstein kommune som har den største endringa i løpet av juli. Her er det ein auke på 25 heilt ledige i løpet av siste månaden. I Herøy aukar talet på arbeidsledige med 19, i Volda 15 og i Ørsta 13.

Totalt er det no 41 heilt ledige i Sande, 160 i Herøy, 91 i Ulstein, 106 i Hareid, 82 i Volda, 116 i Ørsta og 24 heilt ledige i Vanylven.

Av desse kommunene er det Vanylven med 1,5 prosent av arbeidsstokken og Volda med 1,8 prosent av arbeidsstokken som har lågast andel heilt utan arbeid. I Ulstein er det 2,1 prosent, 2,2 prosent i Ørsta, 3,0 prosent i Sande, 3,3 prosent i Herøy og 4,0 prosent i Hareid.

Om ein ser på endringane i løpet av det siste året, så har Herøy den største nedgangen i talet på arbeidslause med -14. Deretter kjem Vanylven med -3, Ulstein -2, Sande +4, Hareid +6, Volda +9, Ørsta +12.