– Det vart slik, ja. Og det er veldig kjekt å dirigere, seier Dalhaug.

42-åringen har dirigert korpset ULF i to år, og hadde no eigentleg tenkt seg tilbake til slagverket. Men konserten treng to dirigentar, så då skal Frode Dalhaug og Thomas Swatland dele på oppgåva.

– Vi har rundt 16–18 musikkstykke totalt, så vi skal dele på dirigeringa.

Swatland er utdanna trombonist og tok over ULF i haust.

Lang tradisjon

Det er attande gongen Musikklaget ULF og Hasund og Dimnøy Ungdomsmusikkorps arrangerer nyttårskonsert. Til saman har korpsa rundt seksti musikantar.

– Besetninga er bra, men vi treng fleire treblåsarar som klarinettar, fløyter og saksofonar, seier Frode Dalhaug.

Det vert sagt av korpsmedlemmar at du har eit svært godt gehør, stemmer det?

– Eg høyrer det eg vil høyre, og har god høyrsel, ja, ler Dalhaug.

Då Vikebladet Vestposten var innom siste øvinga før jul, var det mykje terping på detaljar og tonar.

– Eg gir beskjed viss noko er surt, då får musikarane beskjed om å spele reint. Korpset kan spele reint, det har dei vist fleire gongar. Så det handlar om å gjere folk medvitne, be dei bruke øyra sine, rett og slett.

To solistar

No i jula har korpsmedlemmane hatt fri frå fellesøvingar. Men første nyttårsdag er det øving igjen.

– Vi har ein jobb å gjere, men ting dett fort på plass, seier Frode Dalhaug.

Ifølgje han vert det eit vidt spekter på konserten, frå vals til rock. – Og så har vi veldig bra songarar!

Tenor Marius Roth Christensen og baryton Espen Langvik har begge vore solistar med det samansette korpset før, men det er første gongen dei skal synge saman.

– Espen skal øve med oss frå måndag 8. januar, Marius kjem først torsdagen før konserten, fortel Dalhaug.

Kjersti Kleven skal vere konferansier, som så mange gongar før. Laurdag 13. januar er det to konsertar, ein kl. 16.00 og ein kl. 19.00.

– Det brukar å vere kjekke konsertar, seier Dalhaug.