– Nervane er under kontroll, men eg gler meg enormt mykje, fortel Eli Kim Tødenes frå Ulsteinvik.

Fredag 21. september skal på slottet i anledning 40-årsjubileet til Prinsesse Märtha Louises Fond.

Seminar og mottaking

Eli fortel til Vikebladet Vestposten at ho sidan tidleg i barndommen har vore oppteken av slottet og dei kongelege. Men interessa er ikkje berre innan dei norske landegrensene.

Ho ramsar gladeleg opp dei andre slotta i Skandinavia og resten i Europa utan å nøle. Så Ulstein-jenta får heilt klart sin store draum oppfylt når ho neste veke legg turen til Oslo.

Eli er medlem av Funksjonshemmede Barns Familieforening (FBF) og vart trekt av Møre og Romsdal fylkeskommune som ein av to som får reise til Oslo med eit følgje på to personar.

– Kvar fylkeskommune får trekkje ut to personar som får kome til mottakinga og seminaret på slottet. Så eg hadde heilt klart flaksen på mi side, flirer Eli, som elles veit lite om kva som ventar dei når dei kjem til slottet.

– Eg veit at det skal haldast seminar med friluftsmannen Lars Monsen, som hadde tv-programmet “Ingen grenser” der rørslehemma skulle kjempe seg gjennom utmark og over fjell. Så det vert sjølvsagt spennande. Men det hadde vore utruleg kjekt om eg fekk helse på nokre av dei kongelege – som til dømes prinsesse Märtha Louise eller dronning Sonja, gliser den tydeleg spente jenta.

Og sjansane er store for at ho nettopp får det.

For på kongehuset sine heimesider står det skrive at både prinsesse Märtha Louise og H.M dronning Sonja vert til stades under fondet sitt 40-årsjubileum.

Prinsesse Märtha Louises Fond er eit fond som vart oppretta 15. september 1972 med ein grunnkapital på 75.000 kroner.

Avkastinga av fondet sin kapital skal nyttast til hjelp for rørslehemma born i Noreg under 16 år.

Tung fortid

At Eli får kome til slottet neste veke vert eit stort lyspunkt i livet til Ulstein-jenta som ikkje har hatt det så lett i oppveksten.

Eli miste mor si då ho berre var sju år gammal.

Den 28. juni 2009 omkom faren i den tragiske trafikkulukka i Eiksundtunnelen, der også fire ungdommar frå Ørsta miste livet.

Eli bur no hos fosterforeldra Torill og Steinar Kleven på Dimna.

Torill og Steinar skal vere med Eli til Oslo og slottet 21. september, og veit at opplevinga vil ha mykje å seie for Eli i åra som kjem.

– No er det Eli sin tur å leve på solsida i livet. Ho skal ha alle dei gode opplevingane ho kan få, fortel Torill.

Torill legg også til at slottsbesøket 21. september er på same dag som fødselsdagen til Eli sin far, og at han hadde vore 56 år gammal om han framleis levde.

– Difor vert det ein heilt spesiell dag for Eli. Vi veit at slottsbesøket vil gjere at det blomstrar i henne, og at det er ei oppleving ho vil glede seg over i ein elles krevjande kvardag, avsluttar Torill.

Ein god kollega

Eli jobbar ved jobbfrukt-avdelinga ved Ulshav i Saunesmarka, og stortrivs med det.

Ho jobbar to dagar i veka, og har hatt mykje med arbeidsleiaren Kate Leila Veddegjerde ved Ulshav å gjere. Og Kate har berre fine ting å sete om den smørblide jenta.

– Eli er ei jente med godt humør, og med mange vitsar på lager. Dessutan er ho heilt rå på kongehuset. Eg bøyer meg i støvet for henne, slår Kate fast, før ho avsluttar med å understreke Eli sitt engasjement og si evne til å tenkje på andre.

Kate - og heilt sikkert fleire - innrømmer at ho er veldig misunneleg på Eli som får vitje kongehuset 21. september.