Personalleiar Kari Riise trur nok at Ulstein kommune er ein gjennomsnittleg norsk kommune når ein ser på vald og trugslar mot kommunalt tilsette. Dette er nok noko ein opplever på alle arbeidsplassar, og på alle avdelingar i kommunen. Men Ulstein kommune er ein kommune som har gripe tak i problemet og gjer tiltak både for å førebyggje og ha planar for kva ein skal gjere når det likevel skjer.

Over fleire år har kommunalt tilsette rapportert inn avvik om trugslar og vald på arbeidsplassen. Det er særleg innan helse og omsorg dei tilsette opplever trugande framferd. Gunn Hofset fortel at det dagleg blir det rapportert inn avvik. Leiarane bruker mykje tid på å førebygge vald og trugslar.

Gjennom å rapportere om avvik kan dei tilsette synleggjere kvar problemet er. Om ei avdeling har mange avvik må leiaren setje inn tiltak. Det kan vere at dei treng fleire tilsette, eller at det må gjerast noko fysisk med bygningar eller liknande. Arbeidsmiljøutvalet og hovudverneombod har innsyn, elles blir personopplysningar og slikt kamuflert i rapportane, så det ikkje blir gjenkjennbart. Det er ikkje meininga å «henge ut» enkeltpersonar eller grupper. Det som er viktig er å setje inn tiltak så dei tilsette greier å ta seg av brukarane sine på ein god måte, og at dei skal kjenne at det er trygt å gå på jobb.

Hofset fortel at dei merkar ein klar forverring innan omsorgssektoren. Då ho i si tid byrja i heimesjukepleia var det aldri noko problem, men no må dei tilsette ofte vere 2 i lag for at det skal vere trygt å gå inn i fleire heimar. Dei siste åra har det blitt mykje meir utagerande åtferd mot dei tilsette. Dei blir kalla stygge ting, og dei kan få trugslar som «eg skal drepe deg», eller det kan vere trugslar om at dei skal ta familien deira. Det er eit stort fleirtal kvinner som arbeider i omsorgssektoren, og det er særleg kvinnene som opplever å få slikt slengt etter seg. Hofset trur auken heng saman med at me ser ein auke i slikt snakk også i sosiale media. Arne Sivertstøl, som er hovudverneombod i Ulstein kommune, men også arbeider i skuleverket, kan stadfesta at språkbruken også har blitt grovare mellom elevane. I skuleverket får både menn og kvinner slengt ukvemsord mot seg.

Eit felles ansvar

Kari Riise trur dette er noko alle kan bli bidra til å gjere noko med. Ein bør ikkje dele opp samfunnet i «oss og dei», der ein snakkar om dei andre som ei gruppe, og seier at dei er slik og slik. Slikt snakk bør bremsast, ikkje nørast opp under. Når me høyrer nokon stolt fortelje at dei «har tatt» ein lokalpolitikar, butikktilsett eller NAV-tilsett bør ein heller seie frå at slik oppførsel ikkje er greitt. Ein bør ikkje vere med på å snakke ned grupper, for det kan bli oppfatta av nokre som at det er med på å legitimere stygg framferd. Hofset trur nok alle må gå i seg sjølve på korleis mei omtaler kvarandre.

Viktig å snakke om det

Gunhild Øksne i bedriftshelsetenesta legg til at det ikkje berre handlar om det du opplever på arbeidsplassen, men også det du opplever på fritida av uønskt merksemd som er relatert til arbeidsplassen din. Ho seier at det kan tære på den psykiske helsa di om du over tid kjenner deg utrygg. Bedriftshelsetenesta bidreg med førebygging, der dei held kurs for dei tilsette i dei ulike avdelingane og dei gjennomfører risikovurdering. Hofset fortel at dei tilsette med dei har blitt kursa i korleis dei skal dempe konfliktnivå, og dei tilsette har lært teknikkar for korleis unngå skade frå slag og spark.

I tillegg er det viktig med eit godt arbeidsmiljø der dei tilsette har nokon å snakke med etter ei ubehageleg oppleving. Ein bør ikkje vente fleire dagar før ein får snakke om det. Ein bør ta seg tid til å stoppe opp og snakke gjennom hendinga med ein kollega, så ein får støtte. Dei har også tilgang til å snakke med psykolog om det trengst.

– Det gjer noko med deg å bli kalla stygge ting, seier Hofset.

– Det er ikkje godt å kjenne på at nokon vil deg vondt, legg Riise til. Ho seier at folk toler ulikt, men ein bør ha felles grenser. Sjølv om ein kanskje ikkje var utsett for fysisk fare kan det vere veldig ubehageleg å ta imot stygge telefonar, det gjer noko med deg.

Då er det viktig at dei tilsette har eit godt arbeidsmiljø der dei støttar kvarandre, og har kompetanse i alle ledd og nok folk på jobb.