Sven Torvik fortel på austlandsk at faren hans er frå Torvik. Området han no vil byggje ut er ein gamal slektsgard med røter attende til 1873.

– Ei tid har vore, no er det ei ny tid, kommenterer Sven Torvik som ønskjer å utvikle området for å skape aktivitet.

Han kom flyttande frå Asker til Sunnmøre i 1992. Då styresmaktene i 2001 oppheva driftsplikta opna det seg moglegheiter, for tel han. Han og faren byrja å tenkje på korleis dei kunne utvikle staden vidare. Då kom dagens planar opp, berre i ein mindre målestokk. Det blir ein kurs- og konferansestad med fritidstilbod der det er vekt på opplevingar.

No inkluderer også planane allmenn bruk for lokalbefolkninga.

Ein resort

I 2005 kom Sven Torvik i kontakt med Nils Chr. Gevelt. Gevelt eig Nordic Resort, som har eit resortanlegg i Strömstad og eitt i Son.

Då Gevelt kom til Torvik såg han moglegheitene til å utvikle eit drivverdig resort, som skapar lønsemd, midt i den fantastiske naturen, med umiddelbar nærleik til Hurtigruten som har anløp der, Runde, fiskeplassane, Sunnmørsalpane og eit særs godt næringsliv.

– Kva er ein resort?

– Ein resort er der ein har mange typar opplevingar som trening, god mat osb. Opplevingane speler på at ein er nært naturen og råvarene. Der skal mellom anna kome ein eksklusiv fiskerestaurant, forklarer Torvik.

Der skal også kome spaanlegg og sjøaktivitetssenter. På sjøaktivitetssenteret er det tilgang til båtar, segling, kajakk, fiske, dykking og surf/wakeboard.

Vil utvikle planane i samarbeid med næringslivet

Alt det kommunale er på plass. Stadfest reguleringsplan er godkjent av fylkesmannen. Men alt er ikkje fastspikra. Sven Torvik er klar på at det er ingen vits i å byggje opp 134 leilegheiter med 150 båtplassar og alle anlegga om ikkje folk er interesserte i å bruke det.

– Noko av det som er utfordringa for bedriftene her ute for å rekruttere folk til stillingar er tilbod om aktivitetar, seier Torvik.

Aktivitetar i vakker natur er det som vil trigge unge i etablerarfasen til å ta med seg familien og busette seg på Søre Sunnmøre.

Slik Torvik ser det er dette også noko som vil vere fint for bedriftene å tilby tilreisande som reiser så mykje at dei er leie av å bu på hotell.

Sel leilegheitene til næringslivet

Byggjetrinn 1 av planane inneheld 28 hus som til saman rommar 134 leilegheitseiningar. Leilegheitene vil vere på 79 kvm og 158 kvm.

Desse einingane har dei gjeve ein resort-standard, men kjøparane og langtidsleigetakarar har fullt høve til å skreddarsy einingane sine. Torvik seier dei kan tilpasse husa etter kva bedriftene treng.

Nordic Resort Torvik vil ha ei eiga driftsselskap som tek vare på dei som bur i leilegheitene. Dei sørgjer for reinhald, vedlikehald og anna sørvis for dei buande i leilegheitene. Om ønskjeleg fyller dei gjerne kjøleskåpet for dei tilreisande.

I leilegheitene har folk høve til å lage mat sjølve, få bringa mat på døra eller dei kan spasere over til fiskerestauranten.

Båt til Torvik

Sven Torvik fortel ivrig om utanlandske turoperatørar han har vore i kontakt med som er interessert i å leige frå februar til oktober. Dei vil lande i eige fly på Vigra. Han jobbar med å få dei frakta med båt frå Vigra til Torvik.

– Utlendingane er veldig begeistra for området. Dei synest her er heilt fantastisk, smiler Torvik.

Hurtigruten har to avgangar/ankomstar i døgnet frå Torvik. Det blir jobba med å få hurtigbåt til å gå i ruta Torvik-Vigra/Ålesund-Nørve. Torvik kan også tenkje seg ein shuttel mellom Torvik og Ulsteinvik, gjerne innom Borgarøya. Her vil han ta kontakt med Ulstein kommune for å høyre om dei er interesserte i samarbeid, kanskje også verfta kan vere interesserte i eit samarbeid?

Dessutan vil alle som har leilegheit i resorten eigen båtplass til disposisjon.

Båten vil binde saman området på ein annan måte, slik han gjorde tidlegare.

– Det er berre ti minutt med båt frå Ulsteinvik til Torvik, opplyser Torvik.

Dagstur til Geiranger

Ved å følgje med Hurtigruten kan ein frå Torvik ta ein dagstur til Geiranger. Lonely Planet har i år kåra Geiranger til Noregs reisemål nummer 1. På denne turen får ein også med seg ein stopp i Ålesund på nokre timar. Opphaldet i Ålesund kan ein nytte på å sjå seg rundt og/eller nyte ein god middag på restaurant.

Nordic Resort Torvik–Møre ligg også nært mange andre stader turistane kan ta utflukter til, som Runde, Herøy Gard, Atlanterhavsparken, Ishavsmuseet i Brandal, Flø og mange andre stader.

Aktivitetar og spa for alle

Sven Torvik tenkjer seg at alle skal kunne ha glede av anlegget dei byggjer i Torvik. Dette er ikkje berre for turistar, også for fastbuande i nærmiljøet. Dei som er tilknytt leilegheitene vil få rabatt på aktivitetane og spaanlegget, men det er ope også for andre.

Nordic resort Torvik Møre vil truleg skape 50–80 arbeidsplassar. Byggjetrinn ein av anlegget har ei byggjetid på to år. Utbyggjarane set ikkje i gang med utbygging før dei har alle kjøperane på plass, dette er eit prosjekt der dei ikkje skal bli sitjande att med gjeld. Dei har også eit trinn to på lur, så dei kan utvikle området vidare med tida.

– Visjonen vår er at anlegget skal vere eit ope resort, eit naturleg val for lokalsamfunnet når det gjeld naturbaserte opplevingar, trening, helse og velvære, slår Torvik fast.

Sven Torvik har stor tru på planane i Torvik.
Nærleiken til sjøen gjer at det passer bra med eit eige sjøaktivitetssenter tilknytt anlegget.
Anlegget vil ha spa med basseng, boblebad, kaldkulp og badstuer.