Odd Kåre, Wiik, avdelingsleiar for drift og anlegg i Ulstein kommune, kan opplyse om at entreprenør Aurvoll og Furesund AS no er igang med bygging av gangveg/fortau frå vegkryss Sundgotvegen/Dimnøyvegen til planlagt ny avkøyrsle for Kleven Verft AS.

Kan bli lenger veg

Det ligg òg inne ein opsjon i kontrakten med entreprenøren på eventuell bygging vidare til kryss Dimnøyvegen/Klubbenesvegen (kryss Kleven). Denne opsjonen vil Ulstein kommune truleg nytte seg av dersom ny veg til Kleven ikkje vert bygt no.

Stengjer ikkje vegen

Fylkesvegen blir ikkje stengt for trafikk i byggeperioden. Men ved sprenging blir det manuell dirigering.

Elles blir alle avvik med endra vegbreidde/fartsgrense osb. sjølvsagt skilta.

Arbeidet med ny gangveg er berekna ferdig til sommaren, eller eventuelt tidleg haust om opsjonen blir nytta.