- Vi må gjere det meir attraktivt og lettvint å velje kollektive reisemiddel. Lett tilgjengeleg og påliteleg reiseinformasjon og enkel billetering er viktig for å få endå fleire til å reise med kolletivtransport, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen i samband med møteinvitasjonen.

NSB, fylkeskommunane, Statens Vegvesen og Forbrukarrådet er alle inviterte til møtet, som etter planen blir heldt 22. august.

- Til glede for reisande og trafikkselskapa

- Det er gjort mykje arbeid med ein nettbasert nasjonal reiseplanleggjar, og ulike elektroniske løysingar for elektronisk billetering er no i drift mange stader i landet. Erfaringane lokalt viser at elektroniske løysingar og bruk av "app'ar" er til glede for både dei reisande og trafikkselskapa. Samstundes er det for lite kommunikasjon på tvers av kollektivselskapa. Vi må gjere grep som meir effektivt samlar reiseinformasjon for ehile landet og gir eit tilbod for reiser på tvers av kolletivselskapa, seier Solvik-Olsen vidare.

Han meiner målet med møtet er å komme fram til tiltak som gjer dei elektroniske løysingane meir tilgjengelege og gjort enklare for dei reisande. Eit anna mål er at desse løysingane skal bidra til meir effektiv drift og administrasjon i transportverksemdene.