Prisen vart overrekt under kommunestyremøtet på Hareid rådhus torsdag. Ein solid gjeng frå kjøkkenet med kjøkkensjef Ann Cecilie Garnes Utgård i spissen kom for å ta imot.

Leiar i arbeidsmiljøutvalet Monica Svoren innleidde med å opplyse at det hadde kome fire kandidatforslag til prisen, som blir delt ut for tredje gong. Etter å ha lest statuttane vart forslagstillar Johnny Berge sine ord om vinnaren refererte.

Positive og serviceinnstilte

Han skriv bl. anna:

«Maten dei leverer har blitt mykje betre siste åra og ber preg av mindre traust institusjonsmat og meir fagleg dyktigheit og leikenheit med rettane. Eit institusjonskjøkken har gjerne sine faste oppskifter der ein pastasalat er lik år ut og år inn, men her har kjøkkenet på Hadartun blitt flinke til å variere. Dette skaper heilt klart trivsel for kundane som et maten, men eg tippar også det skaper trivsel for dei tilsette på kjøkkenet når dei kan vere kreative i yrket sitt.

Å kome på besøk på kjøkkenet er alltid veldig hyggeleg, og gjengen der er alltid blide, positive og serviceinnstilte – og dei er flotte ambassadørar for Hareid kommune.

Vidare føler eg at den flotte peparkakelandsbyen som dei laga i stand i samarbeid med skulane i bygda må trekkast fram som eit meget bra tiltak som både AMU og kommunestyret bør applaudere og premiere.

Kjøkkenet har også tort å setje seg høge mål ved å melde seg på Gyldne Måltidsøyeblikk og å stille opp i Vikebladet Vestposten med ein smørblid brukar med klokketru på dei. Og sidan dei ikkje vann den prisen, håper eg at dei velfortent vinn arbeidsmiljøprisen.»