Under jubileumsfesten for 70-årsjuiblanten og ishavsskuta Polarstar på Ishavsmuseet fredag kveld blei det presentert ei stor nyheit.

Gjennom mange år har Ishavsmuseet i Brandal hatt samarbeidsavtalar med Frammuseet i Oslo, Svalbard Museum og Pier 21-museet i Halifax, Canada. No har Ishavsmuseet Aarvak altså signert nye samarbeidsavtalar, med to andre store kanadiske museum, nemleg Royal Ontario Museum i Toronto og Fisheries Museum of the Atlantic i Lunenburg.

- Dette er utruleg stort for oss, og vi er sikre på at dette vil utvikle museet vårt, og auke interessa for vår historie, i tillegg til å styrkje nærheita til våre naboar i vest. Det gir også museet vårt eit vidare internasjonalt snitt, som lyfter statusen til Ishavsmuseet til nye høgder. Vi er visse på at dette vil gjere oss sterkare i vår satsing på å få denne statusen som museet fortener, og ikkje minst gir det oss kompetanse, djupare kjennskap til, og mykje meir innleving, forståing og samarbeid i vårt museumsarbeid, seier Webjørn Landmark, dagleg leiar for stiftinga Ishavsmuseet Aarvak.

Kompetent polart nettverk

Ishavsmuseet er i dag medlem av eit sterkt fagleg og kompetent polart nettverk, saman med 16 andre polare museum verda over. Museet på Brandal er under sterk utvikling melder museumsleiinga, og opplever stor interesse frå inn- og utland.

- Museet har etter kvart fått ei så viktig rolle i norsk polarformidling at det no har blitt behov for å ta nye, viktige steg. Det er her samarbeidet med dei to kanadiske musea kjem inn, seier Landmark.

Karlsen i spissen

Men dette nye samarbeidet hadde nok ikkje kome i stand utan éi særs viktig brikke, nemleg Martin Karlsen. Martin tok over onkelen Karl Karlsen sitt reiarlag og aktivitet i byen Halifax for nokre tiår tilbake, og har budd i Canada sidan. Norske skuter fangsta i nært samarbeid med dei norske etablerte i Halifax, og det utvikla seg eit tett og godt samarbeid mellom norske og kanadiske styresmakter. Gjennom lengre tid har Ishavsmuseet Aarvak, med uvurderleg hjelp frå nettopp Canada-busette Martin Karlsen, hatt samtalar og korrespondanse med dei to nye samarbeidspartnarane i landet. Resultatet er at ein får styrka den faglege kompetansen, utvikla formidlingsarbeidet.

- Dette har vore kjekt å vere med på, og eg trur og håper desse to samarbeidsavtalane kjem til god nytte for Ishavsmuseet, seier Karlsen til Vikebladet Vestposten.