Gler seg: Trude Gurskevik Knotten er framleis sterkt involvert i Dimnarevyen, sjølv om ho ikkje lenger er med i sjølve revyen. No er det ho som organiserer og som styrer på i kulissane – og ho gler seg stort til premiereforestillinga på den første Dimnarevyen på seks år – som finn stad 14. mars. Foto: Ole-Ottar Høgstavoll.

Frå korps til revy: – Eg har alltid likt meg på scena

Trude Gurskevik Knotten har vore ei av dei mest sentrale brikkene i Dimnarevyen heilt sidan starten. I mars blir det revy igjen, for første gong sidan 2018 – og Trude gler seg storleg til premieren.