– Vi har det heilt topp. Det er så kjekt at Olena underviser oss i MIX-dans, smiler denne danseglade gjengen som får danseundervisning av ukrainske Olena Babych ved Hareid skule. To dagar er ho også vikar ved Hareid musikk- og kulturskule, der ho underviser i klassisk- og moderne dans. Foto: Anne Gry Eilertsen

Flykta frå Kyiv, vart danselærar på Hareid

Ho er utdanna psykolog, og har ei fortid som ballettdansar med eige danseinstitutt. Men så kom krigen til Ukraina, og Olena Babych (40) måtte flykte. No underviser ho i dans både privat og i Hareid musikk- og kulturskule.