Litt forseinka sparkar vi i gang fotokonkurransen for juni månad. Dei førre månadane har vi hatt jamn tilstrøyming av flotte bilete, der årstida gjerne er representert.

Juni månad er ein sommarmånad. Difor er vi svært spent på kva biletgalleriet vil samle saman av motiv når vi etter kvart går over til juli.

Difor oppmodar vi om at de sender inn flotte bilete, då helst ikkje fleire enn to bilete per fotograf.

Bilete sender du til: lesarfoto@vikebladet.no

Husk personvern

Vi ynskjer sjølvsagt fleire bilete der mennesket er ein del av motivet. Men reglane for slike bilete er ofte strenge, regulert i ånds- og personvernlova.

Difor legg vi til ei lita rettleiing frå Åndsverkloven § 45c:

Fotografi som avbildar ein person kan ikkje visast offentleg utan samtykke av den avbilda, unntatt når:

  • avbildinga har aktuell og allmenn interesse

  • avbildinga av personen er mindre viktig enn hovudinnholdet i biletet

  • biletet gir att forsamlingar, folketog i friluft eller forhold eller hendingar som har allmenn interesse

  • eksemplar av avbildinga på vanleg måte visast som reklame for fotografens verksemd og den avbilda ikkje nedlegg forbod, eller

  • biletet nyttast som føremål som omhandla i § 23 første ledd tredje punktum eller § 27 andre ledd.

  • Vernet gjeld i den avbilda si levetid og 15 år etter utløpet av hans dødsår.