Kristtorn kjem ut på topp på lista over kva vedslag som brenn best. Barlind, bøk, eik ask og rogn kjem på dei neste plassane.

Dette går fram av ei undersøking Nibio har gjort. Undersøkinga viser at det er ein klar samanheng mellom tettleiken til treslaget og brennverdien. Jo større tettleik, dess høgare brennverdi blir det. Undersøkinga viser at dei tyngste treslaga også hadde høgast brennverdi.

– Heilt på topp kom kristtorn, deretter barlind, bøk, eik og så rogn, litt over alt i brennverdi, seier seniorrådgjevar Simen Gjølsjø frå Nibio, Norsk institutt for bioøkonomi.

Han fortel at det i mange år var ei oppfatning av at det var rogna som brann best.

– Det viste seg at desse målingane ikkje var korrekte. Det var ein slektning av rogna, svensk asal, vi hadde målt, fortel seniorrådgjevaren.

Forskarane målte volum og vekt på veden og fann brennverdien ved hjelp av såkalla bombekalorimeter, noko av det same som blir nytta for å måle energiinnhaldet i matvarer.

Om veden veg like mykje, så er brannverdien lik. Det er er tettleiken i veden som gir ulik brennverdi. Dette er årsaka til at skogforskarane no vil at ved skal omsetjast etter vekt og fukt, og ikkje volum.

– I dag blir vedsekkane selde ut frå kor store dei er og ut frå kva treslag det er. Dette medan frukt og grønsaker blir seld i vekt. Utan måling av vekt og fuktinnhald går kunden glipp av den kanskje viktigaste informasjonen om vedsekken, nemleg kor mykje energi han inneheld, seier Simen Gjølsjø.

Her er heile lista over vedtypar med best brennverdi frå Nibio:

1. Kristtorn

2 . Agnbøk

3. Barlind

4. Bøk

5. Ask

6. Eik

7. Alm

8. Rogn

9. Lønn

10. Hassel

11. Bjørk

12. Hegg

13. Furu

15. Svartor

16. Lind

17. Selje

18. Osp