Tidlegare har ho vore sjef ved Kiwi i Ulsteinvik og Bunnpris i Ørsta.

Susanne vedgår at ho ikkje har vore så glad i å gå på skule, og ho føler ho er komen på rett hylle yrkesmessig.

foto
Syskenflokken: Susanne, Sara, Nikitia, Per-Iver og Tor-Even samla hos fotograf Victoria Rinde.

Ho er fødd og oppvaksen i Brandal i ein søskenflokk på fem, derav to tvillingpar. Susanne er tvilling med Sara, og begge er busette i Ulsteinvik. Sara på Dimna, Susanne øvst i Holsekerdalen.

– Eg er veldig glad i Brandal, og kunne godt ha tenkt meg å bu der, men sambuaren min ville ikkje, så det vart til at vi kjøpte eit hus i Ulsteinvik som vi likte godt, fortel Susanne.

Vi møter henne ein laurdag formiddag. Susanne har eigentleg fridag, men stussar likevel ikkje på å møte opp til eit intervju på butikk-kontoret likevel.

– Her er mykje å gjere, så eg nyttar sjansen til å få unna litt kontorarbeid, smiler ho.

foto
Feiring på gang: Her er Susanne saman med sambuaren Christian Bigset, tvillingsøstra Sara og sambuaren hennar Geir Ove Enerhaug. Foto privat

TIDLEG SJØLVSTENDIG

Susanne fekk altså tidleg behov for å vere sjølvstendig og klare seg sjølv. Fjorten år gammal fekk ho seg deltidsjobb ved Braud & Bollur på Amfi i Ulsteinvik. Etter skuletid tok ho bussen frå Hareid til Ulsteinvik, ytte service til kundane, rydda og vaska, og etter enda arbeidsdag tok ho buss tilbake til Hareid og Brandal.

– Tor Even, den eldste broren min, er fem år eldre enn meg – og då han fekk sertifikat hende det nokså ofte at han køyrde meg. Vi søskena har eit godt samhald og er vane med å støtte kvarandre.

Susanne hadde denne deltids jobben ved Braud & Bollur i heile seks år, også medan ho gjekk vidaregåande i Ulsteinvik.

foto
Rallarvegen: Sambuar Christian Bigset og pappa Trond Bigset på sykkel på veg ned frå Kårdal til Flåm (Rallarvegen) etter at flokken hadde tatt Flåmsbana opp til Vatnahalsen og zip-line ned til Kårdal. Foto privat

RASK KARRIERE

Men ho treivst altså ikkje på skule, og bestemte seg for å ta eit friår etter vidaregåande. Og det er då vi kan seie at karrieren hennar innan daglegvarebransjen startar.

– Norvald Berge ved Bunnpris i Ulsteinvik tilsette meg som butikkmedarbeidar i 2014. Då var eg 19 år. Kanskje han meinte det var eit godt teikn at eg hadde jobba seks år samanhengande ved Braud & Bollur. Eg vart der til i 2018, då eg fekk tilbod om å bli butikksjef hos Kiwi i Ulsteinvik. Så vart eg butikksjef ved Bunnpris i Ørsta, der eg var i eitt år, før eg 1. oktober 2021 tok til her ved Bunnpris i Ulsteinvik, oppsummerer Susanne.

I denne perioden har ho hatt eit lite mellomspel med studiar i samfunnsvitskap ved Høgskulen i Volda. Men det vart med eitt år, for det var så mykje kjekkare å jobbe.

Som butikksjef har ho delt arbeidstid mellom kontor- og administrasjonsarbeid, og det er å vere ute i butikken ho likar seg aller best, både i kassa og eller med å fylle på varer i hyllene.

– Eg likar veldig godt å vere saman med folk, både tilsette og kundar, og eg syns eg er heldig som har funne eit yrke som eg trivst så godt med. Det å ha noko å gå til kvar dag som er kjekt, er veldig viktig. Så alt medan eg trivst så godt, blir eg nok i denne bransjen.

Samanlikna med til dømes Kiwi, Coop Extra og Rema 1000 er Bunnpris ei lita kjede.

– Vi er kanskje ikkje best på pris, men vi er veldig gode på kampanjar og service, slår butikksjefen fast.

foto
Loen: Sambuarparet Susanne og Christian, begge med etternamnet Bigset, ved Rakssetra i Loen. Foto privat.

Susanne og sambuaren Christian Mork Bigset har ikkje born, men har born rundt seg likevel.

– Eg har fire tanteungar og tre fadderborn, så det får halde ei stund, smiler ho.

Sambuarparet brukar ein god del av fritida ute i naturen.

– Hareidlandet er ein perfekt plass for å dyrke friluftsliv. Eg og sambuaren min brukar både fjellet og havet. Vi har kajakk, som vi brukar sommarstida, og vi teltar ofte ute i naturen. Også søskena mine og pappa Trond er glade i friluftsliv – og ikkje så sjeldan er vi heile flokken på tur i lag.

SYNG I BRANDALSKORET

Susanne, broren Per Iver og faren Trond har også ei anna felles interesse: korsong.

– Vi syng i Brandalskoret. Dessverre har koronaen sett ein stoppar for korøvingane, og det er eit stort sakn. Ein periode var vi ei lita gruppe på 10–12 personar som møttest ein gong i veka for å øve. Vi hadde ein konsert på Ishavsmuseet og i Hareid kyrkje, men så vart det korona-stengt igjen. Eg håper vi får starte opp att snart.

Susanne og broren er blant dei aller yngste i koret, men fortel at dei vart svært godt mottekne då dei byrja. Samhaldet er godt, og alder betyr ingen ting. Faren Trond har vore leiar i koret i nokså mange år no, han møtte kjærasten sin Monica gjennom koret.

foto
Til topps: Tante Mary Ellen Brandal, søster Nikita, Susanne og sambuar Christian på toppen av Saudehornet i Ørsta. Foto privat.

VIKTIGE NABOAR

Då Susanne var forholdsvis ung, vart foreldra hennar skilde. Ho meiner likevel at ho har hatt ein veldig fin barndom i Brandal. Vegg i vegg med barndomsheimen hennar står huset til Anne Sofie og Roger Brandal, og dei har heilt sidan ungeflokken Bigset var små, vore gode støttespelarar.

– Anne Sofie og Roger har vore ein ressurs for spesielt meg og Sara. Dei har vore som nokre ekstra besteforeldre, vist omsorg og tatt oss med både til kyrkje, på bilturar og på sjøen.

Susanne føler at ho er på ein god plass i livet, men er klar over at det finst ein del folk som har mista jobben sin i desse korona-tider, og som ikkje har noko å gå til.

– Det er viktig å ikkje isolere seg, blir du sitjande inne og vantrivst, kan det gå ut over den psykiske helsa. Dørstokkmila kan vere tung, men når du først har kome deg ut i naturen, gjer det godt, slår ho fast.

Når intervjuet er over og litt forefallande kontorarbeid er gjort unna, skal Susanne og sambuar Christian spenne på seg skiene og sette kursen mot Hasundhornet. Det flotte vintervêret (førre laurdag) må nyttast, for no er det meldt ein vegg av regn.