Det vart tidlegare i veka opplyst om at fleire på Sunnmøre folkehøgskule hadde testa positivt for koronaviruset.

No varslar Ulstein kommune at det er 56 elevar og to lærarar som har testa positivt.

Skulen har gjort tiltak for å isolere dei smitta. Det blir gjennomført hyppig testing av dei andre elevane og tilsette.

Ingen av dei smitta er alvorleg sjuke.

Dei fleste har tatt pcr-test, resten vil ta det i morgon.