– Det var mannen min, Roger (Finvik), som køyrde. Sjølv sat eg og teksta med ein annan familie som også skulle inn på skisenteret. Brått høyrde eg eit stort smell, eg forstod ingen ting, fortel Leine.

Det viste seg at bilen deira hadde vorte treft av ein møtande bil. Sjåføren køyrde vidare utan å stoppe. Då dei kom ut av tunnelen, stoppa dei bilen. Også ein av dei to bilane som kom rett bak, stoppa.

– Dei lurte på korleis det hadde gått med oss, og så fortalde dei at dei sjølve nesten hadde frontkollidert med den same bilen, seier Leine.

– Vi var ganske skjelvne, alle saman.

Ringde politiet

Etter å ha summa seg nokre minutt, ringde Therese Leine til politiet og fortalde kva som hadde skjedd.

– Eg meinte dette var aktlaus køyring og at politiet måtte stoppe vedkomande. Men politiet hadde ikkje tid til å rykke ut, fortel Therese Leine.

I staden bad politiet familien snu bilen og køyre i same retning som bilen som hadde treft dei.

– Vi snudde og køyrde heilt til Ulsteinvik, men vi såg ikkje noko av den andre bilen. Og det var ikkje så rart, sidan det tok nokre minutt før vi køyrde etter, seier Leine.

– Eg jobbar som ambulansearbeidar og er van med å køyre utrykking, men det kunne eg sjølvsagt ikkje gjere med privatbilen, seier ho.

Dei to døtrene på sju og fjorten var også oppskaka etter det som hadde skjedd, men familien bestemte seg likevel for å gjennomføre planen om skitur.

Vil melde saka

Bilen til familien Leine Finvik fekk skadar på venstre side, truleg etter å ha vorte treft av spegelen og framskjermen på den møtande bilen.

– Vi veit enno ikkje kva det vil koste å få ordna skadane, seier Roger Finvik, då Vikebladet Vestposten møter ekteparet på Hareid dagen etter hendinga i tunnelen.

Han og kona rakk ikkje å oppfatte kva bil som trefte dei eller sjå kven som køyrde.

– Men dei som kom i bilen bak oss, meinte det var snakk om ein mørk bil, kanskje ein Audi eller ein BMW.

Therese Leine skulle måndag innom lensmannskontoret for å melde saka.