Rødven, som bur i Ulsteinvik, skulle vere ein kjend skribent for lesarane av Vikebladet Vestposten. Særleg som sportsjournalist. Han har jobba for avisa i fleire bolkar.

For tida har han ei  stilling ved Internasjonalt kontor på Høgskulen i Volda. Han er utdanna journalist og har ein master i Arts of Journalism frå Universitetet i Lincoln.

I tida fram mot samanslåinga av Volda og Hornindal kommunar vil Rødven ha som hovudoppgåve å sørgje for god informasjon til innbyggarar, politikarar, tilsette og tenestebrukarar i begge kommunane.

Han tek til i stillinga i byrjinga av mai, opplyser Volda kommune på heimesidene sine.